Saman skal vi til null

Publisert

Regiondirektør i NHO Vestlandet Helene Frihammer. Foto: Moment Studio

Før sommaren kom resultatet med dei nye utsleppstala for Noreg og Vestland. Dette går alt for tregt! I 2021 har vi hatt ein minimal nedgang i utslepp av klimagassar på 0,3 %. No ber vi i NHO alle bedrifter og kommunar kome på banen og setje seg mål i tråd med Paris-avtalen, med 55 prosent utsleppskutt innan 2030, og netto null innan 2050.

Utsleppstala SSB lanserte i juni viste ein nedgang i utslepp på 0,3 prosent sidan året før. I praksis vert dette rekna som ei flat utvikling. 2021 var også eit pandemi-år, slik at tala i tillegg truleg er påverka mykje av nedstenging og dermed lågare aktivitet. 

Noreg har forplikta seg til å kutte utsleppa med 55 prosent samanlikna med 1990. Førebels har vi berre kutta 4,5 prosent på 30 år. Vi har med andre ord ein ekstraordinær stor jobb å gjere dei neste 8!  

Det er difor vi i NHO no ber alle om å forplikte seg - både bedrifter, kommunar, fylkeskommunar, og offentlege og statlege verksemder. Alle bør sette seg eit mål om å kutte minst 55 prosent innan 2030, og setje i verk konkrete planar og tiltak for å få dette til. 

Mange gjer allereie ein god jobb. Fleire bedrifter leiar an, og Vestland fylkeskommune er ein pådrivar her i vest. Dei har sett mål om netto null i det geografiske regionen innan 2030, og er meir ambisiøs enn alle andre fylke.  

Dette greier ein likevel ikkje åleine. 

Vi har gjerne lett for å tenkje at det er dei store verksemdene med dei største utsleppa som må ta ansvaret for den grøne omstillinga. Det er ingen tvil om at desse har ei ekstra stor oppgåve, men her må alle med! Dei store er avhengig av mindre som kan bidra i den grøne verdikjeda. Verksemdene som representerer store utslepp, må stille krav til sine leverandørar, og dei treng nokon som kan utfordre dei tilbake. Skal vi få den snøballeffekten vi treng for å kutte så det monnar, er vi avhengig av at vi jobbar både ovanfrå og ned – og nedanfrå og opp.  

Midt i det grøne skiftet har fleire for lengst forstått at det ikkje held med fagre ord og festtalar. Det er handling som gjeld. Likevel går utsleppa minimalt ned. Det store fleirtalet av kommunar og verksemder i Vestland har enno ikkje sett klimamål i tråd med nasjonale målsetjingar og Paris-avtalen. No må alle menn og kvinner - kommunar, organisasjonar og bedrifter - på dekk.  

Vi i NHO Vestlandet utfordrar derfor no alle kommunar, organisasjonar og bedrifter i Vestland til å sette seg konkrete mål og gjere arbeidet for å kutte utsleppa sine med 55 prosent innan 2030. Er de med?