NHO

Innhold

Bedriftene er motoren i berekraftige lokalsamfunn

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Bedriftsbesøk Elkem, Boliden, Brødrene Aa

Boliden - en viktig hjørnesteinsbedrift i Odda. Bedriften produserer sink og kun vanndamp slippes ut fra pipene. Foto: NHO Vestlandet.

Noreg er eit ressursrikt land, der mykje av næringsgrunnlaget finns i distrikta. Nasjonen sin verdiskaping, eksport og velferd er avhengig av det ein kan kalle distriktsnæringar.

Skal vi lukkast med å skape berekraftige regionar og lokalsamfunn, må næringsutvikling ha ei viktig rolle i politikkutforminga. Det er bodskapet NHO  sitt innspel til Distriktsutvalet. 

Det er bedriftene som gjennom si jobbskaping gir levande og berekraftige lokalsamfunn. Bedriftene investerer langsiktig i lokalsamfunnet, gir ungdommar sin første jobb, innlemmar nytilflyttarar og folk med hol i CV-en i arbeidsmarkanden og sikrar kommunane inntekter. Privateigde små og mellomstore bedrifter er heilt sentrale for sysselsetting i distrikta.  

Lokale og regionale fortrinn har vi mykje av i Vestland. Enten det er mineralerfiske og havbruk, fornybar kraft eller naturbasert reiseliv, så er eit fellestrekk at naturressursane er viktige ingrediensar – både i klimaarbeidet og for lokal utvikling. Fortrinna må utnyttast på ein god måte. Det offentlege kan gjere mykje for å betre rammevilkåra til bedriftene: 

For det fyrste må plan- og løyveprosessar gjerast enklare. Dette tek for mykje tid og det er for mange myndigheitsaktørar som har innseiingsrettFor små og mellomstore bedrifter, med avgrensa ressursar, er dette spesielt utfordrande.  

For det andre må skattesystemet innrettast slik at det fremjar næringsutvikling og berekraftig vekst. Skatt på arbeidande kapital, til dømes på kjetting eller maskinar, må fjernast. Og for å vege opp for byrdene med naturinngrep lokalt, bør vertskommunane få sin del av skatteinntektene. Me er difor glad for at regjeringa sa nei til kraftskattutvalet sitt forslag om å ta frå kommunane sine direkte inntekter frå vasskraftproduksjonen.  

Rekruttering av rett kompetanse er for det tredje ei av hovudutfordringane til bedriftene. Saman må vi  satse vidare på å bygge sterke klynger, som og er leiande internasjonalt på sine område. Verkemidlane bør verke mobiliserande regionalt og fremje kommersialisering og eksportrett aktivitet nasjonalt. 

Satsing på samferdsle som bind saman by, bygd og regionen er for det fjerde avgjerande. Større bu- og arbeidsmarknadsregionar bidreg til større dynamikk i arbeidsmarkanden. Og vi må sikre at varene bedriftene produserer kjem raskt og trygt til marknaden, lokalt og internasjonalt. God digital infrastruktur er viktig. Utbygginga av høghastigheits breiband bør fortsetje med utforminska styrke.  

Kommunane og fylket må være næringsaktive. Ein næringsaktiv kommune er ein kommune som involverer næringslivet i sitt utviklingsarbeid og som har strategiar for å møte næringslivet sitt behov. Lokale myndigheiter må i større grad enn i dag vere ein krevjande kunde som både slepp til og utfordrar marknaden. Innovative offentlege anskaffingar vil være ein viktig motor for næringsliv i distriktet.  

Ein vesentleg del av norsk eksport kjem frå bedrifter lokalisert i distriktet, og det er her vi finn mange av dei mest eksportintensive arbeidsplassane. God tilgang til marknaden, som blant anna sikrast gjennom EØS-avtalen, er ekstremt viktig for næringslivet i distrikta. 

I Vestland har vi mange moglegheiter og offensive politikarerar som torer å utfordre. Fylkeskommunen sitt nye hurtigbåt-anbod i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, som stiller krav om nullutslepp, er eit godt døme. Vi er overtydd  om at dette fremjar lokal næringsutvikling og har potensial til å skape ny eksportrett teknologi.  

Vi ynskjer oss ein aktiv næringspolitikk som gjer det enklare å drive bedrift i heile Noreg. Det offentlege må vere «». Det er i alle fall bedriftene i Vestland.  

 

Kronikken har først stått på trykk i en rekke lokalaviser i hele Vestland. 

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: