NHO

Innhold

Bedriftsbesøk i Nordfjord

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Bedriftsbesøk NHO Vestlandet

Magnus Brekke Nygaard, Wenny Irene Hansen Frå NHO Vestlandet og Ove Kjøllesdal frå Eid Elektro.

NHO Vestlandet i Florø har vore på bedriftsbesøk i Nordfjord denne veka. Vi har besøkt Måløy Vekst, IN-VIA, Eid Elektro, Nordfjord Hotell, Isehaug Kafeteria, Stryn Hotel og Briksdalsbre Fjellstove.

25. mars starta vi dagen i vakre Måløy med eit svært interessant møte med dyktige Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst som jobbar med å fremje næringslivet og skape bulyst. Dei er engasjert i ei rekkje ulike prosjekt, blant anna Måløy marine ressurssenter, Stad Skipstunnel, og ei viktig reiselivssatsing. Vi ser fram til godt samarbeid med Måløy Vekst.

På Nordfjordeid møtte vi IN-VIA kompetanse og læringspartnar ved dagleg leiar Geir Peder Ueland og arbeidsleiar Svein Navelsaker. Verksemda kan vise til eit godt samarbeid med næringslivet og svært gode resultat med å bidra til at folk kjem tilbake til arbeidslivet. Dei gjer ein særdeles viktig jobb for enkeltmennesket og samfunnet.

På Nordfjordeid er det  eit unikt og sterkt kompetansemiljø innan elektro og automasjon. Vi besøkte  Eid Elektro ved Ove Kjøllesdal. Han fortalde om ei spanande utvikling sidan bedrifta blei etablert tilbake i 1981. Bedrifta har eitt breitt fokus og har opparbeidd seg ei nasjonal kundeportefølje. I dag er dei om lag 75 tilsette, med tilsette på Nordfjordeid, Syvde, Stadlandet og i Bergen. Dei jobbar mykje på samferdselprosjekt og har utvikla sine eigne unike produkt. Bedrifta er svært samfunnsengasjert og opptekne av godt samarbeid med ulike samfunnsaktørar. Bedrifta har fleire lærlingar. Og dei har fått fleire utmerkingar for sitt samfunnsengasjement. Kjøllesdal framheva også viktigheita av at det må vere gode utdanningstilbod lokalt.

Nordfjord Hotel står no på eigne bein etter å ha gått ut av Scandic-kjeda. Vi møtte ein positiv direktør Tomas Perers. Bedrifta har tatt over nabohotellet som ligg rett ved og har no fått langt større kapasitet på rom. Dei har flotte nyrenoverte rom og eit  badehus der ein kan både trene og kople heilt av. Hotellet kan vise til godt belegg så langt i år, med gode bestillingstal for sommaren. Opera Nordfjord er ein viktig samarbeidspartnar for hotellet og syner at kulturopplevingar er viktig for reiselivsnæringa. Hotellet jobbar godt på digitale flater, og er optimistiske til framtida. Veksten i turistnæringa i fylket understrekar optimismen.

Etter ei god natt på Nordfjord hotell møtte vi engasjerte kafé eigarar på Isehaug Kafeteria i Stryn. Isehaug Kafeteria i Stryn ligg midt i sentrum og har ei lang historie i Stryn. Kafeen er open heile året og har sjeldan stengt. Dei har nyleg bygd nytt kjøkken for å få meir plass. Kafeen er godt besøkt og kan vise til ei god utvikling. Særskilt er det mykje folk frå april og fram til hausten. I tillegg er det ekstra høgt trykk under dei mange festivalane i Stryn gjennom året. Kafeen ønskjer på sikt å utvide slik at dei kan auke kapasiteten endå meir. Bedrifta er engasjert i lokalsamfunnet og bidreg mellom anna med sponsormidlar til fleire organisasjonar og lag i bygda. Eigarane på Isehaug er uroa for korleis den nye kasseforskrifta som var implementert i år vil fungere i praksis når det er fullt trykk i kafeen. Dei er, som mange andre, avhengig av effektiv kundehandsaming.

Vi blei tekne godt i mot på Stryn Hotell midt i ein hektisk oppussingsperiode. Dei har renovert romma på hotellet og jobbar no intenst med sluttføringa før dei er klare til å ønskje dei første gjestene velkomne til flotte nyrenoverte rom. Bestillingane for sommaren ser gode ut.

Briksdalsbre Fjellstove har investert i heilt nytt kjøkken og er i sluttfasen med renoveringa før sesongstart. Fjellstova har sitjeplassar til heile 550 gjestar, og har enkelte dagar opp til 100 bussar i høgsesongen. Dei har eit besøkstal på om lag 300 000 i perioden april til oktober. Gjestane kjem frå heile verda. Verksemdene i Briksdalen treng betre vegstandard inn til fjellstova og breen enn det som er i dag. Vegen er smal og det er stor slitasje. Briksdalsbre Fjellstove er heilt avhengig av god kommunikasjon. Heile bygda har fiber og all kommunikasjon er er knytt til fibernettet. Det hender at fiberlinja er ute av drift og det får store konsekvensar for bedrifta, også i forhold til beredskap. Også denne bedrifta er uroa for mykje meirarbeid og lite fleksibilitet knytt til den nye kasseforskrifta. 

Vi avslutta dagen på dialogmøte for nye Vestland Fylkeskommune i Førde. Dette var eitt av fem opne møte om viktige vegval for Vestland fylke. Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling presenterte visjonane for det nye fylket saman med fellesnemnda sitt arbeidsutval.

Tusen takk til alle som tok godt i mot oss!

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: