NHO

Innhold

Bedriftsbesøk med Abelia i Florø og Måløy

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

#205

#120 Fotograf: Wenny Irene Hansen

I dag har NHO Vestlandet og landsforeningen Abelia vore ute på bedriftsbesøk hos spennande kunnskaps- og teknologibedrifter i Sogn og Fjordane.

I dag har vi hatt gleda av å ha med oss Lise Strøno Bruusgaard, marknadssjef i Abelia som er NHO sin landsforeining for kunnskaps- og teknologibedrifter, ut på bedriftsbesøk.

Lise tok turen frå snøkaos i Oslo til vårkjensle i Florø og Måløy.

Vi starta dagen med hyggeleg møte hos rekneskapsbyrået Progresso i Florø og fekk eit godt innsyn i kva som er viktig i deira kvardag.

Deretter gledde vi oss over ein flott båttur med Norled til Måløy.

I Måløy hadde vi møte med datasenteret Local host. Det var eit godt møte der vi blant anna fekk høyre om deira satsing på Måløy Academy som gir unge menneske i lokalmiljøet unike moglegheiter med tett oppfølging og kompetanseheving. Vi var også innom det høgaktuelle temaet datasikkerheit. Vi fekk mange gode innspel frå bedrifta som vi tek med oss i vårt arbeid vidare.

Deretter tok vi turen til Raudeberg og Martime Park. Her møtte vi Frequency som er eit kreativt byrå innanfor grafisk design, film og foto med meir. Vi hadde eit interessant møte der vi også fekk høyre om andre spennande bedrifter som Havkraft AS og TINDR med fleire.

Etter å ha returnert til Florø avslutta vi dagen hos reklamebyrået A til Å. Dette var eit godt møte , der vi fekk høyre mykje om bedrifta og deira fokus. Vi hadde gode samtalar der vi var innom fleire aktuelle tema, vi ser fram til godt samarbeid!

Dei flotte bedriftene vi har besøkt i dag har alle  bankande hjarte for lokalsamfunnet. Vi takkar for at vi fekk komme på besøk og tek med oss alle gode innspel i vårt arbeid for betre rammevilkår og meir føreseielegheit for næringslivet.