NHO

Innhold

Bedriftsbesøk med NHO Vestlandet og Norsk Industri

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Stadpipe

#120

NHO Vestlandet og Norsk Industri har vore på bedriftsbesøk  denne veka. Vi har besøkt Knutholmen, Stadpipe og Sagaboats.

Måndag kveld tok vi turen til medlemsbedrifta Knutholmen i Kalvåg. Knutholmen vart etablert i 1986 og er framleis ei familiebedrift i 2019.

Kalvåg i seg sjølv er som eit stort levande hotell. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuer, hotellrom og leilegheiter med den store restauranten sentralt i midten. Knutholmen har overnattingskapasitet til 250 gjestar, stor kurs og konferansekapasitet, og er kjent for sitt gode kjøkken basert på ferske lokale råvarer rett frå havet. Dei har gjestar frå heile verda både frå bedriftsmarknaden og ferie og fritid.

 Bedrifta er aktiv som samfunnsbyggjar og bidreg til utvikling av lokalsamfunnet. Knutholmen er med i hotellkjeda «De Historiske». I tillegg til god overnatting og god mat tilbyr dei eit mangfald av opplevingar for ein kvar smak. Knutholmen er godkjent lærebedrift i servitør og kokkefag

Tysdag morgon tok vi turen til Stadlandet. Her besøkte vi Stadpipe. Brødrene starta opp som røyrleggarar i 1995 og er no blant landet sine fremste spesialistar på avanserte røyrsystem. Dei leverer komplette røyrsystem til fiskeri, oppdrett og industri. Stadpipe bidreg med alt i frå tidleg planlegging til komplett leveranse av røyrsystemer, både med og utan PE-rør. Bedrifta har eige produksjonsverkstad med ein svært oppdatert maskinpark og sertifiserte medarbeidarar. Stadpipe er godkjent lærebedrift og har lærlingar både på Stadlandet og på avdelinga si i Bergen.


Bedrifta har mangedobla talet tilsette dei siste åra og opplever god etterspurnad for sine produkt og tenester. Dei er innovative og leverer i takt med marknaden. Bedrifta har store og små kundar i heile Norge og utlandet.

I Selje besøkte vi den tradisjonsrike verksemda Saga Boats som er ei familieeigd bedrift som har vore i same familie sitt eige helt sidan etableringa i 1960. All produksjon skjer i bedrifta sitt eige anlegg i Selje, og eit moderne sentralstøyperi er med på å sikre den beste kvaliteten. Målet har helt sidan starten i 1960 vore å bygge kvalitetsbåtar kor lokale tradisjonar med godt handverk og best moglege sjøeigenskapar er i fokus. Det er fokus på ein kontinuerleg fornying av produktporteføljen. I dag har Saga Boats AS eit produksjonsprogram med fire ulike modellar. Saga Boats AS har all produksjon på Vestlandet i Norge, og er med dette ein av de leiande produsentar av fritidsbåtar i Norge. Bedrifta har kundar både i Norge og i utlandet. Saga Boats er godkjent lærebedrift. Saga Boats har også ein salsavdeling i Leangbukta i Oslo.


Vi takkar bedriftene for gode møter og innspel til vidare arbeid for næringslivet.