NHO

Innhold

Utviding, nye tider og vekst gjennom innovasjon

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Bedriftsbesøk hos Bano-gruppen

Bedriftsbesøk hos Bano-gruppen. Fra venstre: NHO-rådgiver Wenny Irene Hansen, NHO-advokat Hildegunn Ytrearne Nygård, NHO-rådgiver Magnus Brekke Nygaard og administrerende direktør i Bano-gruppen Frode Lindvik

Medlemsrabatt på advokattjenester, hotell med kongelig velsigning og helseinnovasjon som drivar for vekst er berre nokre av stikkorda i denne vekas bedrifstbesøk.

Denne veka har vi vore på besøk hjå fleire utvalde bedrifter i Førde og på Sandane. Med oss på bedriftsbesøka var også vår advokat, Hildegunn Ytrearne Nygård, som hjelper medlemmane våre i arbeidsrettslege spørsmål.

Rimeleg advokathjelp til NHO-medlemmar

I Førde ble vi godt motteken av advokat Jan Tollefsen og advokat Hanne Katrine Mundal i Advokatfirmaet Tollefsen AS. Advokatfirmaet har i dag to avdelingar, ei avdeling i Sogndal og ei avdeling i Førde som nyleg er oppretta. Utvidinga til Førde gjer at advokatfirmaet no er enda meir tilgjengeleg i heile Sogn og Fjordane. Advokat Tollefsen stadfesta at utvidinga i Førde så langt har vore svært vellykka.

Advokatfirmaet er ein del av Eurojuris-nettverket som har ei samarbeidsavtale med NHO. Ein gunstig medlemsfordel som gjer at NHO-medlemmar får 15% rabatt på gjeldande prisar og ein time gratis førstekonsultasjon ved å nytte Tollefsen i juridiske spørsmål utanom arbeidsrett, som til dømes forretningsjuridiske tenester. Bistand i arbeidsrettslege spørsmål inngår som vanleg fritt i NHO-medlemskapet og blir handtert av våre eigne NHO-advokatar.

 

Ærverdig hotellhistorie og fokus på kvalitet

Frå Førde gjekk turen vidare til Sandane og Gloppen Hotell. Eit ærverdig hotell i Nordfjord som nyleg har gått inn i hotellkjeda Classic Norway. På hotellet møtte me driftsleiar Preben Moen frå Classic-kjeda og hotellsjef Terese Honningsvåg Kirkhorn som fortalte om god utvikling.

Hotellet fekk i si tid driftsløyve frå Kong Carl av Norge og Sverige. Og er eit ideelt utgangspunkt for fotturar i Nordfjord, stisykling, laksefiske i Gloppeelva eller berre for å besøke vakre Sandane.  

Gloppen Hotell er også kjent for sitt gode kjøkken og sin satsing på lokal mat. Kjøkkenet nyttar lokale råvarer frå bønder og leverandørar i nærområdet, og dei lagar blant anna sitt eige pinnekjøt og bryggar sitt eige øl på hotellet.

 

Helseinnovasjon som vekstdrivar

I Sandane besøkte vi også Bano-gruppen, kor vi ble mottekne av konserndirektør Frode Lindvik. Bano-gruppen, som blant anna består av Strukturplast AS og Bano AS har nyleg flytta inn i eit splitter nytt produksjons- og administrasjonsbygg.

Strukturplast er ein bedrift som leverer spesialdesigna polyuretan til blant anna industri, offshoreinstallasjonar og oppdrett. Bano derimot har spesialisert seg på å utvikle baderom som skal forbetre brukarane sin livskvalitet.

Lindvik kunne fortelje om store planer for konsernet og planar om sterk vekst i åra som kjem. Bano har blant anna nyleg utvikla eit vendbart toalett som gjer det enklare for til dømes eldre å bu lengre heime. I tillegg kan konseptet potensielt spare store areal for institusjonar som skal etablerast eller rehabiliterast.

Strukturplast AS  er lærebedrift for tre ulike yrkesfag. På kompetansefeltet er dei også engasjert i det som omtalast som «Gloppenmodellen»: kor ein tilbyr tilrettelagt fagutdanning for minoritetsspråklege.  Heile 13 nasjonalitetar jobbar i konsernet på Sandane   Bedrifta rekrutterer breitt og har blant anna henta ein doktorgradsutdanna ingeniør frå Russland som tidlegare har arbeidd i blant anna Gazprom.

Det er svært nyttig for oss å komme ut til bedriftene og lære om deira konkrete moglegheiter og utfordringar. Takk så mykje til alle tre bedriftene som tok vel i mot oss.