NHO

Innhold

– Berekraft er business

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

#005

God stemning i grupperommet under workshopen.

Det var bodskapet då 50 bedrifter frå ulike bransjar møttast på Zoom under tittelen «Berekraft som konkurransekraft», i regi av NHO Vestlandet, med fleire.

Truls-Einar Johnsen, Klimapartnere Vestland
Truls-Einar Johnsen, Klimapartnere Vestland

Under leiing av to av Noreges fremste ekspertar på grøn forretningsutvikling Sveinung Jørgensen (NHH) og Lars Jacob Tynes Pedersen (NHH) fekk bedriftene ei innføring i grøn forretningsutvikling. Fleire av verksemdene har i etterkant av workshopen utrykt at dei no vil intensivere sitt berekraftsarbeid.

– Det er mange verksemder som har ei stor vilje for å intensivere berekraftsarbeidet, men kanskje blir litt overvelda og treng hjelp med å finne ut kor dei skal starte, seier Truls-Einar Johnsen i Klimapartnere Vestland, som var ei av medarrangørane til samlinga.

 

Møteplass for likesinna

I tillegg til fagleg innhald frå Jørgensen og Pedersen fekk deltakarane også høyre  korleis Elkem har integrert berekraft i forretningsmodellen sin. Deltakarane vart inndelt i digitale grupperom på workshopen der dei ble utfordra til å reflektere rundt status, utfordringar og moglegheiter for berekraft i deira verksemd.

- Vi ser at det opner seg nye uante moglegheiter for bedrifter når dei treffast for å diskutere felles utfordringar og problemstillingar. Det er viktig for NHO å skape  møteplassar der bedrifter kan dele erfaringer og refleksjoner med kvarandre, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Grete Karin Berg.

– Stor interesse

Siri Odjik Solbakken, Hub for Ocean
Siri Odijik Solbakken, Hub for Ocean

Workshopen vart arrangert av NHO Vestlandet i samarbeidmedKlimapartnere Vestland , Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster. 

– Tilbakemeldinga viste at det er stor interesse for berekraft blant bedriftene og at mange ynskjer meir kunnskap og ein arena der dei kan diskutere sitt eige berekraftarbeid. Mange har også etterlyst ein slags «volum to», ein vidarekomande versjon av workshopen og det er noko vi jobbar med no, seier Siri Odijk Solbakken i Hub for Ocean/ Ocean Hyway Cluster.

Vegkart for framtidas næringsliv

NHO Vestlandet har i tida etter korona starta ei stor utrulling av digitale kurs som ei proaktiv medlemsfordel. 

- Vi ser at interessa for slike kurs er stor blant våre medlemmar. Dette er fyrste gang me arrangerer eit slikt digitalt fagleg kurs i lag med samarbeidspartnarar som Klimapartnere og Hub for Ocean. Og det er noko vi gjerne vil gjere meir av i tida som kjem, seier regiondirektør Grete Karin Berg i NHO Vestlandet

NHO er no i full gang med å rulle ut et Vegkart for framtidas næringsliv, kor moglegheitsrommet og verkemidlane for næringslivet i framtida vert analysert. Berekraft, klima og miljø vil stå endå sterkare på agendaen i framtidas næringsliv. Noko også politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, la stor vekt på som innleiar under den digitale samlinga.

Fra politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, sin prelansering av Vegkart for framtidas næringsliv

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: