NHO

Innhold

Fagopplæringsnemnda går inn for å utvide bygg og anlegg, TIP og maritime fag

Nyhet, Fagartikkel, NHO Vestlandet

Publisert

#005

Det har vært særskilt viktig å sjå på behova for faglært arbeidskraft i næringslivet og tilgangen på læreplassar. Dette må vektleggast saman med elevane sine ynskje. Innspela frå nærings- og arbeidslivet, opplæringskontora med fleir viser behov for meir faglært arbeidskraft på nokre område.

Trong for meir faglært arbeidskraft

I skuleåret 2018-19 vart det godt samsvar mellom utlyst tilbod i yrkesfag og søknad til dei v. g. skulane.  Søknaden til yrkesfaga imøtekom også behova for faglært arbeidskraft i næringslivet. Søknaden til yrkesfag i skuleåret 2018/2019 utgjorde 55,2 % av den totale elevmasse i v. g. skulen. I nasjonal samanheng er Sogn og Fjordane eit av dei fylka i landet med størst søknad til yrkesfag.

Likevel, blir det ei stor utfordring å få søkjarar til det auka behovet i næringslivet framover. Dette kan gjerast ved å få ein endå større prosentdel til å søkje yrkesfag. Men dette vil gå utover søkjartalet til dei studiespesialiserande faga. Eit anna alternativ er å utnytte potensiale innan vaksenopplæringa. I åra framover vil det bli ei endå større og aukande utfordring å skaffe nok faglært arbeidskraft til arbeids- og næringslivet i fylket. Samstundes veit vi at elevtala går ned.

Behov for fire ekstra grupper på VG1

På bakgrunn av tilbakemeldingar frå opplæringskontora og næringslivet er det behov for auka kapasitet ved fleire av utdanningsprogramma. LOG og NAV sine vurderingar, samt NHO sitt kompetansebarometer viser same behovet. Fagopplæringsnemnda vil difor peike på følgjande behov ved utlysing og dimensjonering av utdanningstilbodet for 2019 - 2020:

Fagområdet bygg- og anleggsteknikk bør lysast ut med ei gruppe ekstra på VG1 for skuleåret 2019-2020. Bakgrunnen for dette er eit auka behov innan anleggsteknikk. 

Næringslivet og fem opplæringskontor seier det er eit stort behov for auka inntak på VG1 Teknikk og industriell produksjon (TIP). Bakgrunnen er endra utdanningsstruktur frå 2020.Det er også aukande etterspørsel i næringslivet etter faglært arbeidskraft på dette fagområdet. Det bør difor lysast ut to ekstra grupper på VG1 TIP. Fagopplæringsnemnda vil vurdere ein ytterlegare auke i VG1 TIP når ny struktur er innført.

Opplæringskontora og næringslivet melder om auka behov for lærlingar i maritime fag. Dei siste åra har det vore god søknad på dette fagområde. Ein bør derfor auke inntaket med ei gruppe på VG1.

Innan helse- og oppvekstfag, samt restaurant- og matfag vart det ingen endringar i tal utlyste grupper. På fagområda Transport- og logistikk og elektrofag er det god tilgang på læreplassar og ikkje behov for å gjere endringar i tal grupper ved utlysing for skuleåret 2019/2020.

På bakgrunn av innspel frå næringsliv og opplæringskontora påpeikar Fagopplæringsnemnda også behovet for tilbod om TIP ved Stryn vidaregåande skule og ber opplæringsutvalet vurdere problemstillinga på nytt og finn ei løysing på saka.

Fagopplæringsnemnda legg også vekt på viktigheita av mobilitet hos elevar og i næringslivet, marknadsføring av tilbod, samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og kva konsekvensar ein ny struktur for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma frå 2020 vil få for skulane i Sogn og Fjordane.



Sjå utlysinga av opplæringstilbodet for skuleåret 2019-2020 i sin heilskap her