NHO

Innhold

Full aktivitet i Balestrand

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

#205

Besøk hos Veganeset Camping. Fotograf: Wenny Irene Hansen

Sjølv om aktiviteten er tiltakande hjå bedriftene i Balestrand er det mykje som kan gjerast for betre tilhøva til bedriftane i kommunen.

Mandag 12. august besøkte NHO Vestlandet fleire bedrifter i Balestrand kommune. Bedriftene rapportarer om god aktivitet og mykje å gjere. 

Dagen starta hos Nesseplast AS. Nesseplast leverer isoporprodukt tilpasse fleire ulike kundar sine behov.  Havbruksnæringa er viktige kundar,  kor nesseplast blant anna produserer kassar for transport av fersk fisk tilpassa både lastebilfrakt og flyfrakt. Bedrifta har stor aktivitet for tida og jobbar med fleire prosjekt for å utvikle bedriften. 

Neste stopp var erverdige Kviknes hotell. Ein engasjert daglig leiar Sigurd Kvikne kunne fortelje om stadig aukande aktivitet, noko som er gjengs for bransja som heilhet. Ei utfordring for hotellet er den offentlege kommunikasjonen på nordsida av Sognefjorden er for dårleg vinterstid. Dette gjer ambisjonane om heilårsturisme vanskeleg å realisere. Kvikne har eit sterk ynskje om at Sognebåten også skal kunne gå med god frekvens i rute mellom Bergen og Flåm, via Balestrand også i vinterhalvåret. I vinterhalvåret går heller ikkje båten innom Flåm som er eit viktig turistknutepunkt. Dette blir ein viktig sak å jobbe for mot nye Vestland fylke som er anbodsansvarlig for ruta. Dagleg leiar Sigurd Kvikne påpeikte også at auka moms på reiselivsnæringa, slik Scheel-utvalet har foreslått, vil være svært utfordrande for bransjen. 

Like oppi gata besøkte me Kringsjå hotell. Dagleg leiar Magnar Berstad Sande rapporterte om god aktivitet på hotellet. I vinterhalvåret, når det vert færre turistar, gjer dei hotellet om til leirskule. På den måten klarer dei å utvide sesongen og skape ny aktivitet. Sande løfta også fram problematikken kring prisklausulane til dei store internasjonale bookingsidene. Ei viktig sak som blant anna NHO Reiseliv jobbar med

Me rakk også ein kort tur innom for å helse på Ciderhuset og Midtnes hotell før siste stopp på turen som var Veganeset Camping. Campingen vert drive som eit familieforetak og dagleg leiar, Harald, Tjugum, bur sjøl like ved campingplassen. Tjugum kunne fortellje om at 2019 hadde vore det travlaste året nokon sinne, og at det ved flere høve har vært nødd til å avvise nye gjestar grunna full kapasitet. Tjugum var også opptatt av at eigedomsskatten i Balestrand kunne vorte meir rettferdig innretta. Campingen må blant anna betale eigedomsskatt av ikkje drivverdig campingareal som knausar og skog. Det er viktig at kommunane bruker sunn fornuft når dei fastsett eigedomsskatt for bedriftene. Dette er ei sak som vi vil følgje opp når Balestrand no blir ein del av nye Sogndal kommune.


Me takkar bedriftene for høvet til å besøke og for gode innspel som vi tek med oss.