NHO

Innhold

Halvparten opplever dempa etterspørsel

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

#005

Regiondirektør i samtale med bedrifter og ordførere på Voss i juni i år. Foto: NHO Vestlandet / Magnus Brekke Nygaard

Oppseiingane hos bedriftene fortsett, og kvar tiande NHO-bedrift har sagt opp tilsette. NHO si fyste medlemsundersøking etter sommarferien syner derimot teikn til betring hos bedriftene.

Tapet i omsetnad hos bedriftene er ikkje like stort som tidlegare i år og færre fryktar konkursar. Samtidig er det store forskjellar mellom ulike regionar og bransjar. Det kan derfor bli behov for meir bransjespesifikke tiltak i tida som kjem.

- Det er gledeleg at vi no ser at det er aukande aktivitet hos ei rekkje bransjar, men vi må endå streke under at det er ein alvorleg situasjon for bedriftene, seier regiondirektør i NHO Vestlandet Grete Karin Berg.

Framleis har over halvparten av bedriftene omsetningssvikt. Tall bedrifter som rapporterer om oppseiingar har og vore aukande over tid. Dei som allereie er i gang med oppseiingar er ikkje ferdige med dette. Seks av ti av bedriftene som allereie har sagt opp tilsette planlegg for ytterlegare oppseiingar.

- Det er difor gledeleg at regjeringa på torsdag (13. aug) varsla at dei vil utvide permitteringsperioden til 52 veker, i tråd med NHO sine innspel. Dette vil skape meir stabile rammevilkår for bedriftene, gjere at kritisk kompetanse kan behaldast i bedriftene til marknaden har normalisert seg og truleg føre til at færre bedrifter trenger å planlegge for ytterlegare oppseiingar i haust, seier Berg.

Ein føreseieleg kvardag er avgjerande for bedriftene i tida vi no går inn i.

- Vi er nøydde til å skape så stabile rammevilkår som mogleg for bedriftene i ein usikker situasjon. Endringar i bedriftene sine rammevilkår over natta, som for eksempel skjenkestopp etter midnatt som blei varsla berre få timar før tiltaket skal tre i kraft, skaper ikkje den stabiliteten bedriftene treng i denne situasjonen, held Berg fram.

 

Funn frå NHO medlemsundersøkelse for Vestland fylke
  • 48 prosent av bedriftene i Vestland har merka lågare etterspurnad dei siste fire vekene samanlikna med i fjor. I Nordhordland svarer 67 prosent av bedriftene dette.
  • 43 prosent av bedriftene i Vestland har leverandørar som varslar forseinkingar eller kansellering av leveransar. Flest rapporterar om dette i Sunnhordland (55 %). 
  • 46 prosent har lågare omsetnad.
  • 10 prosent av bedriftene i Vestland har sagt opp tilsette
    • Det er bedriftene innan olje og gass (33 %), sjøfart (20%), transport og logistikk (19%) og reiseliv (14%) som trekk opp snittet
    •  Blant dei som allereie har gjennomført oppseiingar, seier 6 av 10 at dei planlegg for ytterlegare oppseiingar
  • 17 prosent av bedriftene i Vestland planlegg for nye oppseiingar.  I Sunnhordland planlegg heile 37 prosent av bedriftene for nedbemanning.
  • 13 prosent av bedriftene har likviditetsproblem. Høgast er andela i Sunnhordland og Nordhordland
  • 14 prosent vurderer derfor at det er reell risiko for å gå konkurs. I reiselivet (31%) er frykta størst

 

For ytterlegere kommentarar eller spørsmål:

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: