NHO

Innhold

Kva bedrift er best på mangfald i Norge?

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Samhold inkludering

#120

Ferske tal frå Institutt for samfunnsforsking syner at leiarar flest er positive til å ha ein nær kollega med innvandrarbakgrunn. No er jakta på gode kandidatar til å vinne staten si utmerking «Mangfaldsprisen 2020» i gang.

Mangfaldsprisen er staten si utmerking for eksemplarisk bruk av innvandrarar sin kompetanse i arbeidslivet. Formålet med prisen er å fremje etnisk mangfald, betre bruk av innvandrarar sin kompetanse og auke rekrutteringa av innvandrarar i arbeidslivet. Både store og små verksemder, offentlege og private kan nominerast, og kven som helst kan sende inn sine forslag.

Send inn ditt forslag her. Frist er 24. mai.

For Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) handlar det om å løfte fram verksemder som ser verdien av å ha tilsette med ulik bakgrunn, i møte med ein tøffare arbeidsmarknad.
- I ei globalisert verd er nettopp kunnskap om ulike språk og kulturar ein viktig kompetanse. Men då må vi både sjå og utnytte potensialet. Vi må ha leiarar som er opptekne av det. Her har Norge fortsatt en veg å gå. Derfor er det viktig å heidre dei som faktisk klarar det, seier kunnskaps og integreringsminister Guri Melby.

- Vi delar ut prisen til verksemder og bedrifter over heile landet som viser korleis mangfald styrkar norsk arbeidsliv. Forsking viser at verksemder som har tilsette med ulik bakgrunn ofte har høgare lønnsemd og betre trivsel, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i IMDi. Derfor vil IMDi heie fram gode initiativ og verksemder som får dette til i praksis.

Alle kan nominere
No håpar IMDi på mange nominasjonar til verdige vinnarar av årets mangfaldsverksemd. I fjor var det meir enn 350 nominerte.
I første omgang ser direktoratet etter regionale kandidatar som fortener heider og ære i sin del av landet. Mangfaldsprisen delast ut i alle fylker, i kategoriane små verksemder og mellomstore- og store verksemder. Dei regionale vinnarane går vidare til å konkurrere om å vinne nasjonale prisar.

NHO Vestlandet sit i juryen, og vi ser fram til å sjå alle dei gode forslaga.

Nominasjon av kandidatar skjer digitalt på mangfoldsprisen.no. Dei regionale prisutdelingane er i august, medan dei nasjonale prisane  blir delt ut av kunnskaps -og integreringsministeren på Regjeringen sin integreringskonferanse den 14. september.

For meir informasjon, kommentarar eller intervjuavtale, kontakt:
IMDi sin pressetelefon på 917 55 351, eller e-post: presse@imdi.no

Lenke til ISF-rapporten: Etnisk og religiøst mangfold i arbeidslivet: Holdninger, erfaringer, diskriminering og praksis

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: