NHO

Innhold

Vestlandssamling om koronakrisa

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Stortingsbygningen

Stortingsbygningen og syriner. Foto: Stortinget

Tysdag 5. mai møtte leiarane for Vestland fylkeskommune, NHO Vestlandet, LO Vestland og NAV Vestland representantane frå dei to stortingsbenkane frå fylket. Her vart det drøfta korleis koronakrisa og fallet i oljepris har råka næringslivet og samfunnet, og kva som kan gjerast.

- Vestlandet er eit stort eksportfylke. Lavere etterspurnad på verdensmarknaden rammer difor vår landsdel hardt. Saman med LO og fylkeskommunen har me jobba godt med å finne tiltak som kan Det er gledeleg å sjå at Stortingspolitikarene våre er offensive og går i møte med

– Vestland er både eksportfylke nummer ein, og verdiskapingsfylke nummer ein. Det gjer at vi i denne doble krisa er unikt råka. Samstundes betyr det at musklane som landet treng for å kome på offensiven att ligg i Vestland. Dette er det viktig at stortingspolitikarane har med seg i arbeidet sitt framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Som i så mange andre tilfelle denne våren, var ramma før møtet digital. Stortingsbenkane for Hordaland og Sogn og Fjordane kom rett frå debatten i stortingssalen, og fekk høyre siste nytt om stoda i Vestland.

– Gode føresetnader for å komme styrke ut av krisa

– Dette var eit bra møte. Dei ordinære benkemøta våre er stoppa opp grunna koronaen, så dette var ein super måte å få til eit møte. Det er viktig at vi her borte i Oslo har god kontakt med heimfylket, og her trefte vi alle dei viktigaste aktørane slik krisa sine konsekvensar har utspelt seg. Det var solide oppdateringar frå NAV, NHO, LO og fylke, seier Ove Trellevik (H).

Trellevik ser føre seg at Vestland har gode føresetnader for å kome styrka ut av krisa:
– Vestlendingen har alltid hatt trua. Det er skaparkraft og vilje til å få ting til. Det hjelper godt. Ei grunnleggjande haldning i oss er at «dette skal me få til», samtidig som det er lov å prøve og feile. Det er ein føresetnad for å lykkast. Den har me i vest.

Trepartssamarbeid

Sidan krisa råka i mars, har fylkesordførar Jon Askeland, leiar for NHO Vestlandet, Grete Karin Berg, regionleiar Roger Pilskog i LO Vestland og direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes møttest hyppig i den såkalla trepartsgruppa.

– Vi representerer alle organisasjonar som til saman sit med eit heilt unikt oversyn over det som skjer i regionen vår under denne krisa. Det å kunne følgje utviklinga frå dag til dag, gjev oss også det beste utgangspunktet for å finne dei tiltaka som kan ha best effekt for å dempe dei negative effektane, seier Jon Askeland.

Han får støtte i dette frå regiondirektør Grete Karin Berg i NHO Vestlandet:

– NHO Vestlandet er oppteken av at me i Vestland skal stå saman i denne situasjonen. Berre slik kan me få solid gjennomslagskraft i krisa. Næringslivet er utolmodig etter å kome i gang med prosjekt som kan setjast i gong. Me har saman med våre gode samarbeidspartnarar laga konkrete lister over prosjekter som kan utvikla Vestland for framtida.

Best mogleg effekt

I møtet fekk aktørane i trepartsgruppa legge fram ein detaljert status for dei folkevalde frå regionen, og dei fekk gehør.

– Det var godt utbyte av møtet for alle partar, og det var ynskje om å gjere dette igjen. Det at stortingspolitikarane har med seg eit oppdatert bilete av situasjonen, legg til rette for at statsbudsjettet og komande tiltakspakkar vil kunne tilpassast for å gje best mogleg effekt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: