NHO

Innhold

Takk til dykk som held hjula i gong – God jul frå NHO Vestlandet

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Julestemning i Kalvåg. Foto: David Zadig / Knutholmen AS

Julefreden har snart lagt seg og mange av oss har sett fram til fredelege dagar. La oss ikkje gløyme at mange har jobba hardt for julefreden og stadig er på jobb for å halde hjula i gong.

Takk til dykk som går på jobb i jula. Til deg som ikkje får ete pinnekjøt med dine kjære fordi du har vakt på sjukeheimen, jobbar skift i industrien eller fordi du må passe på kritisk infrastruktur.

Takk til deg som går på jobb på julaftan og som går på jobb tredje juledag, medan dei andre har tatt seg ferie.

Takk til deg som står i kassa på butikken for å selje julematen og julegåvene. Og du som står i kassa igjen når gåvene skal byttas.

Takk til deg som køyrer varene til butikkane. Og til deg som måkar vegane.

Takk til gründerane som står på kvar einaste dag og natt for å lukkast med å skape nye arbeidsplassar.

Takk til bedriftene som bidreg til liv og lys langs kysten og i dei tusen heimane i vest. Takk til alle dykk som går på jobb i jula og dykk som får jula til å skinne. Takk til alle våre samarbeidspartnarar.

Takk og god jul!

Få de siste nyhetene fra NHO

Få de siste nyhetene fra NHO

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: