Foto:

Viktig milepæl for livsviktig veg og jernbane mellom Bergen og Voss

Nyhet, NHO Vestlandet

Publisert

Illustrasjonsfoto. Foto:

1. april vart den statlege reguleringsplanen for strekninga mellom Arna og Stanghelle (K5) vedtatt av Kommunal- og distriktsdepartementet. Dermed har prosjektet passert ein svært viktig rundingsbøye for byggestart i 2023-24.

«Departementet har arbeidd godt og fått vedtatt reguleringsplanen for K5 i tide til at prosjektet heldt framdriftsplanen. Det vitnar om at regjeringa opprettheld prioriteringa av K5 og at det i den vidare politiske prosessen vert sett av naudsynte midlar til realiseringa av dette svært viktige samferdselsprosjektet,» seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Både kommunane for traseen og eit samla næringsliv i regionen er samd om prioriteringa av K5. Korridoren med veg og jernbane vil sikre forsyningslina for gods og varer til Bergensregionen og gjere persontrafikk på strekninga trygg for både pendlarar, alle dei som køyrer i samband med næringsverksemd og for fritidsreisande.

«Tryggleik og ein sikker framkomeleg korridor mellom Voss og Bergen er to sider av same sak. Dei reisande på dagens veg og jernbane er redde for ras og ulykker.  E16 og Bergensbana mellom Voss og Bergen er hovudpulsåre for varetransporten mellom Oslo og Bergensregionen. Når vegen eller jernbanen er stengt får det store konsekvensar for heile samfunnslivet. Difor ser vi fram til at K5-alternativet no er komen eit viktig skritt vidare for realisering,» seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb i Voss herad.

«Nytt bane- og veganlegg Arna-Stanghelle er høgt prioritert i Bergen kommune. Med KDD sitt planvedtak er alle føresetnader til stades for at vi i framtida kan komme oss austover raskare, sikrare og meir behageleg med klimavenlege tog,» kommenterer byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune, Thor Haakon Bakke.

Neste steg på vegen mot vedtak i Stortinget, er utgreiing av bompengar og ein ekstra, samla kvalitetssikring av prosjektet, KS2 til hausten. Samferdselsdepartementet vil deretter sende ein proposisjon til Stortinget som kan gjere eit «investeringsvedtak», truleg våren 2023. Byggestart kan finne stad seint i 2023 eller tidleg i 2024, etter at det er henta inn og gjeve tilslag på anbod for dei ulike delprosjekta i K5 – felles veg og jernbane Arna-Stanghelle. 

 

Mer detaljer i pressemeldignen fra Statens Vegvesen her

 

 

FAKTA om K5

  • Ny jernbane og veg frå Arna i Bergen kommune til Stanghelle i Vaksdal kommune
  • Forventa anleggstart i 2023-24
  • Kostnad er rekna til 26,4 mrd. kroner (2020-kroner)
  • Verdien (vinsten) av sam-prosjekt veg-jernbane Arna-Stanghelle er rekna til over 4 mrd kroner.
  • Prosjektet er det største som ferdig regulert i Noreg hittil.
  • Dagens veg og jernbane er sterkt ulykkesbelasta og utsett for ras.
  • Korridoren med veg og jernbane er den desidert viktigaste for varestraumen til og frå Bergensregionen.
  • Det er rekna at det vil ta åtte til ti år å realisere første del av K5 Arna-Voss.
  • Stortinget har vedteke framhald av planarbeidet på K5 frå Stanghelle mot Voss.