Snakk om yrkesfag og kompetanse i valkampen!

Sølvi Olrich Sørebø – KS, Roger Pilskog – LO Vestland og Ann-Kristin Kristoffersen- NHO Vestlandet.

Dei politiske partia har for lengst kvesst alle sine verbale knivar, og går om kort tid for fullt inn i valgkampen. Det er heilt avgjerende for arbeidslivet i Vestland at politikarane er merksame på om rammebetingelsane for tilgang på rett kompetanse er gode nok.

Politikarar og politiske parti har stor innverknad på korleis tilgangen på til dømes yrkesfagleg kompetanse skal bli i åra framover.

Ved å lytte til arbeidslivets behov vil ein kunne få til ei riktig dimensjonering og finansiering av utdanningstilboda.

Det er viktig å skape stoltheit rundt val av yrkesfag og gjere noko konkret for å tette kompetansegapet som arbeidslivet i både privat og offentlig sektor opplever.

Rapporten "Felles energi- og industripolitisk plattform", som NHO og LO med fleire lanserte rett før sommaren, slår tydeleg fast at nettopp kompetansegapet vert tetta. Mangel på rett kompetanse i næringslivet kan setje både produksjon og arbeidsplassar i fare. Enkelte bransjar slit meir enn andre med å få tak i rett kompetanse. Spesielt på område der yrkesfagleg utdanning trengst er utfordringene størst.
Det er også et stort sysselsettingspotensiale i å realisere dei industrielle ambisjonane som ligg i plattforma. Alle som stiller til val bør difor lese rapporten!

Vi har mange kompetansefortrinn å bygge på i Vestland. Naudsynt kompetanse ei ein viktig føresetnad for å lukkast, både med klimaomstilling, industriutvikling, verdiskaping, konkurransekraft og eldrebølga.

Fleire ulike framskrivningsanalysar viser at kompetansegapet i arbeidslivet vil auke på fleire område framover, ikkje minst i bransjar som etterspør fagarbeidarar. I tillegg ventast konkurransen om den formelle kompetansen å bli hardere. I NHOs kompetansebarometer for 2020 oppgjer nesten seks av ti bedrifter (58 prosent) at dei har et udekka kompetansebehov. For åtte prosent av bedriftene er dette oppgitt å vere i stor grad, mens 50 prosent oppgir dette i noko grad. I alle åra NHO har kartlagt kompetansebehova til medlemsbedriftene, har etterspurnaden etter fagkompetanse vore ganske stabil.

KS har nyleg gjort berekningar som viser at om kommunesektoren skal kunne tilby dagens nivå på tenestene må antall årsverk auke med om lag 46.500 fram mot 2031. Dette tilsvarar ein auke på omlag 11,6 prosent. Den klart største auken i årsverksbehov forventast innan helse- og omsorg med ca. 45.600 årsverk. Dette tilsvarar ein auke på 28,9 prosent. I dei andre sektorane forventast endringa å ligge mellom -4,7 og 8,1 prosent fram mot 2031.

Vi ber deg som politikar om å etterspørje arbeidslivets kompetanse og rekrutteringsbehov i valkampen. Kva yrke, fagområde, utdanningstypar og utdanningsnivå har størst utfordringar dei neste fem åra? Kva fagarbeidarar og ingeniørar har arbeidslivet mest behov for?

Dette handlar om:

  • Verdiskaping i både privat og offentleg sektor
  • Bedrifter og arbeidsplassar i bygd og by
  • Unge menneske som skal bygge framtida
  • Betre kjønnsbalanse i norsk arbeidsliv- fleire jenter må velge yrkesfag og fleire gutar må velge annleis
  • Styrke lærlingeordninga – både ved omdømmebygging, sikring av økonomisk og praktisk tilrettelegging og at arbeidslivet tek imot lærlingar
  • Dimensjonere utdanningsplassar etter arbeidslivets behov og kapasitet
  • Jobbe for ein gjennomgående utdanningsstruktur som gjer høve til kompetanseheving frå fagarbeidar til doktorgrad
  • Inkludering av dei som treng litt meir oppfølging mot ein plass i arbeidslivet
  • Digitalisering

 

Kompetansegapet som arbeidslivet er uroa for, og som kan svekke norsk arbeidslivs evne til å utvikle seg og ekspandere dei komande åra, må dekkast.

Auka medvit på at heile samfunnet, arbeidslivet i alle sektorar no treng ny kompetanse i møte med demografiske endringar, digitalisering og ny teknologi, og overgangen til eit meir klimavennlig og bærekraftig samfunn.


Vi må satse på kompetanseutvikling for å skape eit arbeidsliv der folk og bedrifter lukkast.

Godt val!

 

 

 

Kronikken er skrevet av arbeidsutvalget for Yrkesopplæringsnemda i Vestland Fylke ( Sølvi Olrich Sørebø – KS, Roger Pilskog – LO Vestland og Ann-Kristin Kristoffersen- NHO Vestlandet)  og ser publisert i lokalaviser i regionen i juli og august 2021.