Samla seg om E134

Publisert

Fra venstre: Ordførar Gry Fuglestveit, statssekretær Mette Gundersen og fylkesordførar Terje Riis-Johansen.

E134 Haukelivegen AS, i samarbeid med NHO Vestfold og Telemark, Vest-Telemarkrådet, Kongsbergregionen, Vegforum Aust-Vest og Norges Lastebileier-forbund heldt nyleg ein viktig konferanse som samla alle som er opptatt av å få bygd ferdig E134

Rundt 80 deltakarar samla seg til vegkonferanse i Bok- og Blueshuset på Notodden 18. november. Med fleire prosjekt som ligg inne i Nasjonal Transportplan og utgreiing av E134 arm til Bergen, er det ei vegstrekning i medvind som samla støttespelarar til konferanse. Ordførar på Notodden Gry Fuglestveit ønskte velkomen og var tydeleg på det lokale engasjementet og dei breie alliansene som jobbar for E134.

Representantar frå næringslivet var tydelege på behovet for ein betre veg og vintersikker fjellovergang. God vegstandard er avgjerande. Det går enorme verdiar over fjellet, og konsekvensane ved stengt veg og omkøyringar er enorme. Direktør Kenneth Lindquist i Telemark Bilruter fortalde om utviklinga i selskapet, nytt hovudkvarter og moglegheitene for logistikk og miljø. Logistikkdirektør Kjetil Brødsjø i Bergene Holm fortalde om kor avgjerande vegstandard og regularitet på fjellovergangen er for trelastindustrien. Fabrikksjef Therese Ryan ved Nortura Tønsberg vektla at kvart minutt tel ved transport av dyr og råstoff, og trakk fram kor stor nytte ein betre veg over Haukeli vil ha.

Statssekretær Mette Gundersen frå Samferdselsdepartementet fortalde om regjeringa sine ambisjonar, og tok med seg innspela frå dei andre innlegga attende til regjeringa. Fylkesordførar Terje Riis-Johansen fortalde om det politiske arbeidet som har sikra gjennomslag, og om behovet for å halde oppe trykket på å få planlagt fleire strekningar til utbygging. 

I bolken E134 med klimabrillene på vart potensialet for ein meir miljøvenleg transportsektor synleggjort. Langs E134 er det no fleire spennande prosjekt innan hydrogen, gass, elektrisitet, og ikkje minst vil nye Haukelitunnelar kutte mange høgdemeter og drivstofforbruk. Fleire påpeikte at ein må sjå ting i samanheng og planleggje heilskapeleg når nye trasear blir bygd. 

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens Vegvesen presenterte status for prosjekta på E134 frå aust til vest. Det er ambisjonar om Stortingsvedtak på både nytt løp i Oslofjordtunnelen, Røldalstunnelen og Saggrenda – Elgsjø i løpet av 2022. Morten Ask frå Statens Vegvesen er prosjektleiar for utgreiinga av arm til Bergen. Her er målet å ha klar rapporten med anbefaling i løpet av eit års tid. 

I ordskiftet mellom stortingsrepresentantane Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Liv Kari Eskeland (H), Bård Hoksrud (FrP) og Tom Kalsås (Ap) var det klart at det no er brei semje om ei satsing på E134.