God påske!

Publisert

Her er siste nytt og god påske frå oss i NHO Vestlandet!

På veg inn i påska står næringslivet ovanfor fleire store utfordringar, som kombinert med etterverknader av pandemien gjer at det framleis er svært krevjande for delar av næringslivet. På toppen av 2 år med pandemi, har vi fått galopperande og råvare- og straumprisar. Samstundes melder 2/3 av våre medlemmar at ein har vanskar med å få tilgang på rett kompetanse. Så kom krigen i Ukraina med grusomme krigshandlingar som utspeler seg på Europeisk jord og som sjokkerer ei heil verd og utfordrar oss alle. Krigen har mellom anna drive råvareprisane endå høgare, matvaretryggleiken ut på ukjend grunn og framskunda EU sitt ønskje om å bli energiuavhengig.

I NHO gjer vi det vi kan både nasjonalt og regionalt for å avhjelpe situasjonen. Det jobbast mellom anna systematisk i beredskapsmøter, kontinuerleg med å betre kompetansesituasjonen, vi etterlyser straumkompensasjon og jobbar tett gjennom Grøn region.

Aktuelle saker:

Nytt styre
Årsmøte i regionforeningen har valt eit svært kompetent styre med god spreiing både bransjemessig og geografisk. Meir om det nye styret her.

Kompetansegapet
Ei av NHO si aller største oppgåver er å sikre at våre medlemmar har tilgang til den kompetansen dei treng.Derfor er det gledeleg med engasjement og innspel når yrkesopplæringsnemnda skal rådgje justeringa av skuletilbodet for skuleåret 22/23.

Yrkesopplæringsnemda i Vestland gjorde i sitt møte 5. april vedtak om justering av opplæringstilbudet for skoleåret 22/23. Les meir her.

Medlemsundersøking
Konsekvensane av høgare kostnadar og salsprisar gir direkte utslag på driftsresultatet til bedriftene i Vestland. Heile 65 prosent av bedriftene ventar at prisnivået vil påverke driftsresultatet i stor eller middels grad. Det viser NHO si medlemsundersøking i april.

90 prosent av bedriftene oppgjer at bedrifta sine innkjøpsprisar (inklusive energi) har endra seg siste tre md. 51 prosent melder om at prisane har stege mykje meir enn normalt, og 39 prosent melder at dei har stege meir enn normalt.  Fleire detaljer frå vår siste medlemsundersøking og kva dette betyr kan du lese her

 

Arbeidsgjevarservice:

Vår arbeidsgjevarservice er inkludert i medlemskapet. Vi bistår med arbeidsrettslege spørsmål, og vi oppmodar dykk til å kontakt med våre dyktige advokatar Hildegunn Nygård tlf: 92440512 og Nina Tennebekk tlf: 92837402


Arbinn

Vi anbefalar dykk å bruke medlemsportalen vår Arbinn. Her finn de svar på mange spørsmål.
Våre medlemmar sparar store summar gjennom å nytte sine medlemsfordelar i NHO. Les meir om fordelane her.


Digitale handbøker

Vi tilbyr digital personalhåndbok, digital HMS-håndbok og ei digital leiarhandbok. Håndbøkene er eit produkt for medlemmar i NHO. Dei er raske å ta i bruk og rimelege i innkjøp, prøv dei gratis i 30 dagar her.

Medlemspraten
Husk at du kan avtale ein prat med oss i NHO Vestlandet direkte på nett. Det kan vere ein uformell prat om medlemsfordelar, bruken av våre juridiske tenester eller politiske rammevilkår. Bestill tid her!

Bedriftsbesøk
Det er viktig for vårt arbeid å komme ut og besøke medlemsbedriftene våre. I år har vi allereie besøkt bedrifter i Gulen, Høyanger, Bekkjarvik, Førde, Solund, Stord og Bergen. Vil du ha besøk frå oss så hører vi gjerne i frå deg!

Ukraina
NHO følgjer situasjonen og vestlege sanksjonar mot Russland. Mange medlemsbedrifter er berørt. Her finn du informasjon om sanksjonar, oppfølging av tilsette, kontrakter til kundar med tilknytning til Russland, kontaktpunkt for næringslivet, cybersikkerheit og anna aktuelt innhald.

 

Husk at vi er her for deg, ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Vi ønskjer dykk alle ei riktig god påske frå alle oss i NHO Vestlandet.