Europanytt 24.02.2022

Publisert

Tysdag og onsdag vitja statsminister Jonas Gahr Støre Brussel for å fremme eit grønt industripartnarskap med EU. Denne spesialutgåva av Europanytt gjev deg oversikt over kva som kom ut av Regjeringa sine to dagar i Brussel.

Støre og von der Leyen vil ha industriallianse

Noreg og EU er samde om å utforske moglegheitene for eit strategisk industripartnarskap. EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen takka Noreg for å være ein påliteleg gassleverandør. Ho fortalde at EU ser på moglegheita for å etablere ein grøn allianse med Noreg. Støre sa at norske næringar blir viktige for at EU skal nå sine klimamål. Han nemde hydrogen, batteri, og karbonfangst og lagring som næringar ein kan byggje eit partnarskap rundt. 

Les den felles pressemeldinga frå Kommisjonen og den norske regjeringa her

 

Næringslivet presenterte sine klimaløysningar for EU

Regjeringa presenterte dei norske klimaløysningane for EU onsdag kveld. "Noreg kan levere dei naudsynte råmateriala som er etterspurd av europeisk batteriprodusentar, sa Støre til dei frammøtte. Statsministeren la til: eg trur CCS vil være nøkkelteknologien for å nå klimanøytralitet innan 2050. Giv Brantenberg frå HeidelbergCement fortalde tilhøyrarane om det norske karbonfangstanlegget på Brevik. "Samarbeidet mellom styresmakter og industri er avgjerande for å gjere CCS til ein kostnadseffektiv teknologi", sa han. Statkraft og Equinor fortalde om sine planar for ein rask oppskalering av produksjon av grøn og blå hydrogen.

Sjå opptak frå seminaret her

 

NHO Brussel ber regjeringa halde trykket oppe for partnarskap med EU

Direktør for NHO Brussel, Ingebjørg Harto bad regjeringa fylgje opp besøket med mange besøk på høgt politisk nivå både til Brussel og til hovudstadane i Europa. Harto understreka viktigheita av å  involvere seg tidleg i de regulatoriske prosessane og sikre den naudsynte kapasiteten i departementa til å fylgje bølga av EU-forslag om grøne industrisatsingar. Regjeringa inviterte norske aktørar i Brussel til eit innspelsmøte om det føreslåtte industripartnerskapet med EU. Både NHO, industriverksemder og fagrørsla var opptekne av karbontoll - CBAM. Dei understreka viktigheita å kunne halde fram med den norske CO2-kompensasjonen og få på plass verktøy mot karbonlekkasje for eksport ut av Europa.

 

Noreg og Belgia inngår klimaavtale

Jonas Gahr Støre og Belgias statsminister, Alexander De Croo, underteikna onsdag ei internasjonsavtale om samarbeid innanfor hydrogen, havvind og karbonfangst og lagring. "Intensjonsavtala stadfestar vår vilje som tilretteleggjar for samarbeid på disse områda", sa Støre. Begge land har forskingsmiljø og verksemder som ligg langt framme i utviklinga av ny teknologi som hydrogen og CCS.

Les meir om Equinor og belgiske ENGIE sitt hydrogenprosjekt i Gent her

 

Klima og miljøministeren diskuterte batteri med Šefčovič

Noreg deltok på ministermøte i European Battery Alliance for fyrste gong. Espen Barth Eide og EU-kommisjonens visepresident Maros Šefčovič framheva moglegheita for samarbeid innanfor batteri og råvare-materiale. Møtet diskuterte utfordringane for videre utvikling av batteriverdikjeda i Europa. 111 store batteriprosjekt er igangsett i EUs medlemsland, med eit investeringsnivå for heile verdikjeda på 127 milliardar euro.

Les pressemelding frå møtet her