Maritim forsvarskonferanse 2027
Korleis kan bedriftene bidra til framtidas sjøforsvar?
Noreg står framfor den største fornyinga av Sjøforsvaret i moderne tid. Nye fartøy skal utviklast,byggjast, utrustast og haldast ved like. Det opnar store moglegheiter for norsk maritim industri, både for etablerte forsvarsleverandørar og bedrifter som ønskjer seg inn i marknaden.
Onsdag 27. januar 2027 inviterer vi deg til Maritim Forsvarskonferanse 2027 i Ulsteinvik. Korleis kan behova til Forsvaret gi konkrete oppdrag til norske bedrifter, nye samarbeid og langsiktig verdiskaping?
På scena møter du representantar frå politikken, Forsvaret, Forsvarsmateriell, organisasjonslivet og næringslivet.
Gjennom innlegg og panelsamtalar tek vi opp sentrale spørsmål:
• Kva treng framtidas sjøforsvar, og kva betyr det for norske leverandørar?
• Kva moglegheiter ligg i dei nye standardiserte fartøya for næringslivet?
• Kva krevst av kapasitet, kompetanse og samarbeid for å gå frå planar til leveransar?
• Korleis kan Nordvestlandet ta ei sentral rolle som leverandørregion?
Konferansen er for deg som vil forstå moglegheitene i dei komande innkjøpa og møte andre som ønskjer å bidra. Det blir god tid til å besøkje utstillarar, knyte kontaktar og diskutere samarbeid
gjennom dagen.
IL Hødd arrangerer konferansen i samarbeid med MAFOSS, NHO Møre og Romsdal og aktørar frå regionalt næringsliv. Med på laget har vi sterke sponsorar som Sparebanken Møre, DNB og Nordea, i tillegg til ei rekkje bedrifter i forsvarsindustrien. Konferansen byggjer vidare på Leverandørkonferansen, som markerte 25 år i 2026.
Velkomen til ein viktig dag om framtidas sjøforsvar og moglegheitene for norsk maritim industri!