Nysgjerrighet som drivkraft – endring som mål

Publisert

Då Wright-brørne sitt fly letta frå Kitty Hawk i USA i 1903, endra dei ikkje berre transporten – det endra måten vi tenkjer på. I dag står vi ved eit nytt paradigmeskifte: Kunstig intelligens. Teknologien utfordrar det etablerte, opnar nye dører for verdiskaping – og krev mot, nysgjerrigheit og samarbeid. Spørsmålet er ikkje om vi skal vere med – men korleis vi tar leiarskap.

Av regiondirektør Lene Trude Solheim 

Historia om Wright-brørne er ikkje berre ei forteljing om to sykkelreparatørar som skapte ei teknisk nyvinning – det er ei forteljing om nysgjerrigheit og vilje til å utfordre det umoglege. Dei bygde, testa og feila – og til slutt flaug dei.

I dag står vi overfor teknologi som kan endre like mykje – men det krev at vi tør å tenkje nytt, handle strategisk og bygge bru mellom kunnskap og praksis. Teknologien utfordrar det etablerte og opnar for nye måtar å tenkje, produsere og samhandle på. Innan til dømes maritim næring ser ein på alt frå autonome skip og prediktiv analyse til smartare design og berekraftige verdikjeder/produksjonsprosessar.

Eg er teknologioptimist. Då eg tok utdanning innan E-business rundt år 2000, var det starten på internettet si storheitstid – med PDM, ERP, CRM og B2B som sentrale begrep. Gjennom arbeidslivet har eg fått lov til å jobbe tett på teknologi i møte med kollegaer, strategi og organisasjonsutvikling mellom anna i Ulstein Group. Det er i dette grenselandet eg har sett dei største endringane – og dei største moglegheitene.

Eit nytt risikobilde – og nye moglegheiter

World Economic Forum sin Global Risks Report 2025 peikar på samansette og gjensidig forsterkande truslar. Statleg væpna konflikt, miljøtruslar og digitale risikoar – inkludert KI – utgjer eit krevjande bakteppe. Samtidig gir KI enorme moglegheiter for verdiskaping og problemløysing.

NHO sin Draghi-inspirerte rapport "Veien til vekst – Hva nå, Norge?" gir ei samla vurdering av norsk konkurransekraft. Den viser at vi har mykje å vere stolte av – men også at vi taper fart. Vi slit med å få fotfeste i nye teknologiske vekstnæringar, og vi ligg bak på innovasjon og kapitaltilgang. Skal vi lykkast med å ta posisjon i det teknologiske skiftet, er det avgjerande med stabile og meir føreseielege rammevilkår frå politisk hald – som stimulerer investeringar, kompetansebygging og langsiktig verdiskaping.

Vi manglar ikkje talent – vi manglar vilje og miljø

Noreg har låg arbeidsløyse og høg produktivitet, men veksten er svak samanlikna med våre nordiske naboar. Færre vel realfag, og FoU-investeringane i næringslivet er låge. Samtidig ser vi at amerikanske pensjonsfond aktivt investerer i vekstselskap – medan våre eigne fond står på sidelinja. Vi må stille spørsmålet: Kvifor gjer vi ikkje det same her heime?

Digitalisering og teknologi vil stå for 70 prosent av den økonomiske veksten framover. Men Noreg har ei forholdsvis lita høgteknologisk næring – noko som blant anna viser seg i få patentar. Vi treng fleire vekstselskap – og vi må skape vilkår som gjer det mogleg.

Filmselskapet Oclin og tradisjonsrike Myklebust Verft er to døme på selskap som aktivt brukar ny teknologi i sitt arbeid for å styrke leveranseevna og konkurransekrafta. Oclin nyttar KI og digitale verktøy for effektiv innhaldsproduksjon og streaming. Myklebust nyttar digitale verktøy for styring og flyt i skipsbygginga – for å levere fartøy med høge miljøkrav. Begge er brubyggjarar mellom strategi og teknologi. Dei viser at både tradisjonsrike bedrifter og unge Gazelle-bedrifter kan vere drivkrefter i det digitale skiftet.

Domeneinnsikt – nøkkelen til intelligent teknologi

Som KI-professor Morten Goodwin ved Høgskulen i Agder seier: Kunstig intelligens er når eit dataprogram oppfører seg intelligent – intelligens er problemløysing. Det betyr at menneske må definere problema og bidra med innsikt. Oclin kan filmproduksjon. Myklebust kan skipsbygging. Teknologien blir først intelligent når den møter menneskeleg kunnskap.

Strategisk satsing – maritim KI i front

Nyleg blei det løyvd 100 millionar kroner til eit nytt maritimt forskingssenter for KI, leia av NTNU. Dette er viktig strategisk satsing som skal bidra til å byggje bru mellom forsking og framtidas maritime løysingar. Med over 30 partnarar frå industri, akademia og offentleg sektor skal senteret utvikle og ta i bruk KI for å løyse konkrete utfordringar som personellmangel, driftseffektivisering og overvaking av havområda m.m. Målet er å styrke innovasjon og verdiskaping ved å kople saman leiande fagmiljø innan KI og maritim teknologi, og posisjonere Noreg som ein ‘digital’ havnasjon.

Så kva betyr dette for oss?

KI er ikkje berre eit verktøy – det er ein strategisk ressurs som formar konkurransevilkår og vil styre marknadskreftene enda meir i tida som kjem. Norske aktørar må ta posisjon – ikkje berre som brukarar, men som utviklarar og premissleverandørar. Er du usikker? Ring ein venn – eller kontakt nokon som kan meir enn deg. Det gjer eg. Bruk nysgjerrigheita som drivkraft – og ha endring som mål. For det er ikkje talent vi manglar – det er miljø og vilje. Vi må bygge bruer mellom etablerte aktørar og oppstartsbedrifter. Svenskane har sitt Silicon Vallhalla. Kva ventar vi på?