FOLKA 2025

FOLKA 2025: Fire generasjonar – eitt arbeidsliv Korleis byggjer vi ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?
Aldri før har arbeidslivet romma eit så stort spenn av erfaring, forventningar og motivasjon som det gjer i dag. Fire generasjonar i arbeidslivet – frå dei erfarne babyboomerane til generasjon Z med blikket retta framover – utfordrar oss på leiarstil, kultur, kommunikasjon og teknologi. Korleis rekrutterer, engasjerer og held vi på dei rette folka, når behova og forventningane er ulike?
21.- 22. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap om rekruttering til konferanse på Skei. Her får du konkrete tips og nye perspektiv på tvers av generasjonar – og kanskje eit lite skråblikk på din eigen leiarstil?
Stad: Grand Hotel Skei
Tid: 21. oktober kl. 11.30-16.00 og 22. oktober kl. 09.30-14.30.
Prisar for medlem/ikkje medlem:
Workshop med FAVNA: 2900/3900 inkl. lunsj, eks mva
Workshop med Nav: 1000/2000 inkl. lunsj, eks mva
Konferanse: 1900/2900 inkl. lunsj, eks mva
Er bedrifta di medlem hos ein av arrangørane, kjøper du medlemsbillett.
Konferansen vert arrangert av Framtidsfylket Vestland, NHO Vestland, Nordfjordkompaniet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling.
Ønskjer du å overnatte? Bestill hos Grand Hotel Skei.
Vi kjem til å legge opp til nokre kjekke aktivitetar onsdag ettermiddag for dei som blir igjen på Skei etter dag éin. Ta med kollegaene dine, hev kompetansen og få eit sterkare team saman på FOLKA!