Offentlege innkjøp som verktøy mot svart økonomi

Påmeldingsfrist:

Foto: Øivind Haug.

Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) i Vestland inviterer til spanande konferanse om korleis innkjøpsmakta kan brukast strategisk for å motverke svart økonomi.

Ved å delta på konferansen vil du få høyre meir om:

  • Risikobilde for arbeidslivskriminalitet – nasjonalt perspektiv på truslar og sårbarheit v/ Ellen S. Kittelsbye, Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES)
  • Strategisk innkjøpsleiing som motkraft mot svart økonomi v/  Tanja Huse-Fagerlie, KS Anskaffelsesforum
  • Digitale lommebøker v/ Bjørn Marhaug, Skatteetaten
  • Kva er Arbeidstilsynet si vurdering av situasjonen v/ Mari Jarlsdatter Løvdal og Merethe Boyesen, Arbeidstilsynet
  • Strategisk innkjøpsleiing i praksis v/ Tanja Huse-Fagerlie, KS Anskaffelsesforum
  • DFØ si verktøykasse for seriøsitet i offentlege anskaffingar v/ Anne Cathrine Jacobsen, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
  • Eksempel frå offentleg og privat sektor

Målgruppa for konferansen er leiarar (politisk og administrativt), innkjøpsleiarar, innkjøpsmedarbeidar og prosjektleiarar for byggeprosjekt frå:

  • Kommunane i Vestland
  • Vestland fylkeskommune
  • Ulike innkjøpssamarbeid
  • Dei lokale helseføretaka
  • Statens vegvesen
  • Universitet- og høgskulesektoren
  • Privat sektor som ynskjer å tilby tenester til offentlege verksemder
  • Andre med interesse for temaet

Praktisk informasjon:
Tid:  15. januar 2026 kl. 10.00 – 15.00 (det blir servert kaffi frå kl. 09.30)
Stad: DnB Solheimsviken sine lokale i Solheimsgaten 7c, 5058 Bergen.
Pris:  Konferansen er gratis og inkluderer enkel lunsj.