Seminar om sjølvkøyrande båtar

Publisert

Kan vi få sjølvkøyrande passasjerbåtar i Ålesund og Kristiansund? NHO er med og arrangerer gratis seminar om temaet i Kristiansund.

Med støtte frå Samferdselsdepartementet har Møre og Romsdal fylkeskommune saman med SINTEF, NTNU, Kristiansund og Ålesund kommunar i fire år jobba med "Smartare transport".
 
Med Kristiansund og Ålesund som utgangspunkt har prosjektet jobba med å kartlegge sannsynleg og naudsynt utvikling framover i tid.
 
"Smartare transport" har utarbeidd eit komplett grunnlag og moglegheitsrom for naudsynt utvikling fram mot sjølvkjørande passasjerbåtar som eit supplement til dagens kollektivsystem i større byar.
 
Kva moglegheiter ligg i autonomi på sjø – for innbyggarar, samfunn og næringsliv? Korleis kan vi no ta dette vidare fram mot realisering?
 
Tysdag 28. november kl. 10.00–14.30 blir det gratis fagseminar i Kristiansund, inkludert lunsj.

NHO Møre og Romsdal er medarrangør på dette seminaret.

Påmeldingsfrist: Fredag 24. november
Her finn du påmeldingsskjema: Påmelding til fagseminar (office.com)