Rolla vil ha utstrekt kontakt med næringslivet, våre medlemmar, politikarar og andre beslutningstakarar på regionalt og nasjonalt nivå. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til at NHO sett dagsorden for å forme vilkåra for framtida sitt næringsliv i rask omstilling. 
I NHO Vestland vil du høyre til eit kunnskapsrikt og hyggeleg arbeidsmiljø med 8 medarbeidarar. Du vil ha eit ustrekt fagleg samarbeid med det store NHO-fellesskapet og våre 18 landsforeiningar. Du blir del av eit team med sterk politisk kompetanse og stå på-vilje. 
Stillinga vil rapportere til regiondirektør i NHO Vestland. Arbeidstad vil vere heile Vestland, med kontorstad i Bergen eller Florø. Ein del reising må påreknast. 
NHO tilbyr
- I jobben kan du gjere ein forskjell, bidra til å forma framtida og styrke næringslivet. 
 
- Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og eit samanveisa og motivert team. 
 
- Du får moglegheita til å bygge eit kraftfullt profesjonelt nettverk  –  ikkje minst gjennom reising og bedriftsbesøk i  den spanande regionen vår. 
 
- Ein variert arbeidsdag. 
 
- En arbeidsgjevar som legg til rette for eigenutvikling og kompetansepåfyll. 
 
- Konkurransedyktige vilkår.
 
 
Arbeidsoppgåver
- Systematisere kommunikasjonsarbeidet for NHO Vestland for å fremje næringslivet sine interesser i Vestland. 
 
- Saman lage regional kommunikasjonsstrategi og plan som bidreg til å sikre gjennomslag for våre saker. 
 
- Følge mediebildet og handtere media, herunder skrive saker og sikre innsal.  
 
- Gi råd til regiondirektøren i kommunikasjon og politikk og bistå med innhald til talar og presentasjonar. 
 
Skape og publisere innhald i sosiale media, web og bidra til marknadsføring. 
 
Ønska kvalifikasjonar og erfaring
- Relevant utdanning og erfaring fra journalistikk og/eller kommunikasjon. 
 
- Sterke kommunikasjonsfaglege evner, både skriftleg og muntleg, som bidreg til gjennomslagskraft for NHO sine prioriterte saker. 
 
- Relevant arbeidserfaring og god kjennskap til næringslivet, politiske prosessar og politisk påverkingsarbeid. 
 
- Like å skape innhald som engasjerar. 
 
- Erfaring med å formidle andre sin bodskap. 
 
- Interesse og kompetanse frå SoMe og gjerne video. 
 
- Det er fordelaktig med god innsikt særleg i berekraftsspørsmål, det grøne skiftet, kompetanse, privat og offentleg samarbeid og skattepolitikk. Samarbeide tett med kollegaer i NHO sine regionar, lands- og bransjeforeiningar, samt medlemsbedrifter og ambassadørar.
 
Ønska personlege eigenskapar
- Du ser på kommunikasjon som et verkemiddel til å skape endring.  
 
- Du kan kjenne deg igjen i beskrivinga som samfunnsengasjert og nysgjerrig, med solid politisk forståing. Du er analytisk og opptatt av berekraftig utvikling.  
 
- Du har grundig målgruppeforståing og gode relasjonsskapande evner 
 
- Du er sjølvstendig, strukturert og rask til levere og finne nyheitsverdien i saker. 
 
- Du er ein god lagspelar, fleksibel og løysingsorientert. 
 
Vi veit at mangfald skapar betre resultat, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Har du spørsmål om stillinga så ta kontakt med regiondirektør Helene Frihammer på tlf.: 99087700.