Industrien sitt kompetansefond

Publisert

Sveising

Sveising.

Visste du at det er mogleg å søke om støtte til at fagarbeidarar kan ta etter- og vidareutdanning?

Industrien endrar seg raskt. Med støtte frå Industrien sitt kompetansefond kan fagarbeidarar no ta etter- og vidareutdanning. Å styrke ferdigheitene til tilsette kan bidra til å sikre både eigen og industrien si framtid.

Fagskulen Vestland er ein av tre fagskular som er med i ein forpilot til Industripiloten i Industriens kompetansefond, der regjeringa bidreg med 100 millionar til etter- og vidareutdanning for tilsette i industrien. Desse midlane skal i hovudsak gå til lønsrefusjon til bedrifter, omfatta av Industriovereinskomsten, som gir tilsette fri med full løn i inntil to veker for å ta korte utdanningar.

For 2025 dekker fondet tolv utvalde fagskuletilbod, der fagskulen Vestland tilbyr fire.

 Dei fire studia Fagskulen Vestland tilbyr er:

  • ROBOTTEKNOLOGI - Fagskulen Vestland Søknadsfrist 14.10.25 – Oppstart 22.10.25
  • ELEKTRONIKKUTVIKLING - Fagskulen Vestland Søknadsfrist 18.10.25 - Oppstart 29.10.25 
  • SKREDDARSYDDE KI-SYSTEM - Fagskulen Vestland Søknadsfrist 31.10.25 – Oppstart Gruppe C 24.11.25 og Gruppe D 25.11.25
  • MODERNE MÅLETEKNIKK - Fagskulen Vestland Søknadsfrist 17.12.25 – Oppstart 07.01.26

Målet med Industriens kompetansefond er å få fleire tilsette til å gjennomføre bransjerelevant etter- og vidareutdanning, slik at norsk industri også i framtida kan oppretthalde og styrke konkurransekrafta. Fondet er eit trepartssamarbeid mellom Fellesforbundet, Norsk Industri og staten. Les meir om Industriens Kompetansefond og korleis ein kan søke støtte her!