Ekstravakta kan bli for dyr
Vi treng fleire i arbeid i reiselivet i Hardanger. Då må vi ikkje innføre reglar som gjer terskelen høgare for å jobbe.
Vi treng fleire i arbeid i reiselivet i Hardanger. Då må vi ikkje innføre reglar som gjer terskelen høgare for å jobbe.
Sondre Olsen, regiondirektør NHO Vestland
Tina Våtvik Olsen, driftsdirektør i Fjordtind Hotels, som driv Brakanes Hotel, Hardangerfjord Hotel og Vøringfoss Hotel
Ein deltidstilsett får i dag vanleg løn når han eller ho arbeider meir enn det som er avtalt, såkalla meirarbeid.
No blir det diskutert om deltidstilsette i staden skal få overtidsbetaling frå den første ekstra timen. Det kan høyrest rimeleg ut, men konsekvensane kan bli heilt andre enn det mange ser føre seg.
Dei fleste som jobbar deltid, gjer det fordi dei sjølve ønskjer eller treng det, ifølgje SSB si arbeidskraftundersøking. Det kan til dømes vere studentar, småbarnsforeldre, seniorar eller personar med eller utan omsorgsoppgåver, som gjerne vil jobbe meir i periodar.
Dersom kvar ekstra arbeidstime automatisk utløyser overtidstillegg, kan kostnadene auke kraftig, særleg for små bedrifter. Fafo har anslått den samla kostnaden til rundt ti milliarder kroner i året, der om lag 60 prosent av kostnaden vil kome i offentleg sektor.
Det vil med andre ord bli så dyrt at mange arbeidsgjevarar vil måtte finne andre løysingar. Dermed vil mange deltidstilsette som ønskjer å jobbe meir, ikkje lenger få tilbod om det.
Dei nye reglane tek heller ikkje høgde for utfordringane i reiselivet. Hotell har store variasjonar i aktiviteten gjennom året og må kunne tilpasse bemanninga til sesong, bestillingar og arrangement. Samstundes brukar bedriftene allereie mykje tid på administrasjon. Med nye reglar kan papirmølla bli større.
I Fjordtind Hotels driv vi Brakanes Hotel, Hardangerfjord Hotel og Vøringsfoss Hotel. Behovet for arbeidskraft varierer mykje mellom sesongane og frå veke til veke. Talet på gjester, konferansar, selskap og andre arrangement avgjer kor mange vi treng på jobb.
I travle periodar er det mykje ekstraarbeid. Då er det ein fordel både for hotella og dei tilsette at nokon kan ta ekstravakter. Deltidstilsette får høve til å tene meir når det passar for dei, og vi kan gi gjestene eit godt tilbod også når aktiviteten aukar raskt.
Ei undersøking blant medlemsbedriftene i NHO viser at 35 prosent vil redusere bruken av ekstraarbeid dersom reglane blir endra. 20 prosent vil bruke fleire mellombelse tilsette eller tilkallingsvikarar. Berre åtte prosent svarer at dei vil auke den faste bemanninga. I nokre tilfelle vil ein òg måtte redusere aktiviteten eller produksjonen.
Resultatet kan altså bli færre ekstravakter for dei som allereie er tilsette, og som ønskjer å jobbe meir i periodar.
For hotell i distrikta er dette særleg krevjande. Vi har ikkje nødvendigvis mange kvalifiserte personar å ringje til når nokon blir sjuke, eller når det plutseleg kjem fleire gjester enn venta. Då er vi avhengige av medarbeidarar som kjenner arbeidsplassen og kan ta ei ekstra vakt.
Vi er einige i at heile, faste stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Samtidig må vi erkjenne at deltid finst av gode grunnar. I hotell- og reiselivsnæringa, med store variasjonar gjennom året, er fleksibilitet heilt nødvendig for å sikre arbeidsplassar, god drift og gode opplevingar for gjestene.
Dersom ein skal gjere endringar, må dei byggje på kunnskap om korleis arbeidslivet faktisk fungerer – også på hotell og i reiselivsbedrifter i distrikta.
Regjeringa, NHO og arbeidstakarorganisasjonane burde saman finne ei løysing som tek vare på behovet både dei tilsette og bedriftene har for fleksibilitet.
Ei tilsynelatande enkel endring kan få store negative konsekvensar for både arbeidsgjevarar og tilsette – og endre arbeidslivet slik vi kjenner det.
Innlegget har stått på trykk i Avisa Hordaland.