Gje oss endringar i skattesystemet
Om få dagar legg Skattekommisjonen fram tilrådingane sine. Det står mykje på spel for regionar som Sunnfjord og Nordfjord.
Om få dagar legg Skattekommisjonen fram tilrådingane sine. Det står mykje på spel for regionar som Sunnfjord og Nordfjord.
Marte Vassbotten, prosjekt- og berekraftsansvarleg i Steinvik Fiskefarm AS
Kristine Hjelmbrekke, dagleg leiar Jølstraholmen Landskapshotell
Sondre Olsen, fungerande regiondirektør i NHO Vestland
Dei aller fleste er einige om at alle skal betale skatt til fellesskapet. Dei aller fleste er òg einige om at lokale arbeidsplassar er viktige, fordi dei skaper liv og busetjing i heile landet.
Problemet er at den norske eigarskattlegginga no har blitt så høg at lokale eigarar slit med å halde på bedriftene sine.
Eigarar busette i utlandet slepp å betale formuesskatten som norske eigarar busette i Noreg må betale. Dermed blir det meir attraktivt å eige ei norsk bedrift frå utlandet enn å vere lokal eigar i Nordfjord og Sunnfjord.
Dagens skattesystem er ei stor utfordring for lokale eigarar, både her og elles i landet. Vi ser at norske selskap blir kjøpte opp av utanlandske selskap. Det gjeld mellom anna elektrobransjen, der ein stor del tidlegare lokalt eigde bedrifter no har fått svenske eigarar. Det løner seg å ha bustadadresse i Stockholm dersom du eig ei norsk bedrift. Dette ser vi òg i andre bransjar, for eksempel leverandørleddet til havbruksnæringa.
Dette må ta slutt. Viss ikkje vil endå fleire norske, lokalt eigde selskap hamne på utanlandske hender framover.
Lokale verksemder innan reiselivet kjenner óg det samla skattetrykket, og mange fryktar no i tillegg auka moms på overnatting og transport.
Difor har vi no store forventningar til rapporten frå Skattekommisjonen, som blir lagd fram onsdag 24. juni. Vi treng eit skattesystem som styrkjer, ikkje svekkjer, norsk privat eigarskap. For oss betyr det tre heilt nødvendige grep:
Ingen av dei nordiske nabolanda våre har lenger formuesskatt. Her i Noreg har vi valt å halde på ein skatt som gjer det mindre attraktivt å eige og investere frå Noreg. Dette må endrast.
Når Skattekommisjonen om få dagar legg fram tilrådingane sine, bør målet vere klart: Noreg må styrkje konkurransekrafta si. Lat oss gjere som Sverige, som over tid har bygd sterke miljø for privat eigarskap, venturekapital og vekstbedrifter. Ei viktig årsak er skattesystemet.
Lokalt eigde selskap gir viktige inntekter og aktivitet til kommunane gjennom arbeidsplassar, lønsinntekter, skatt frå tilsette og eigarar, kjøp frå lokale leverandørar og ringverknader i lokalsamfunnet. Havbruk har i tillegg ein del særskattar som generer viktige inntekter til lokalsamfunnet, til dømes Havbruksfondet, som er veldig viktige for kystsamfunna.
Difor er dei svært viktige i lokalsamfunna i Sunnfjord og Nordfjord. Lokalt eigde bedrifter skaper arbeidsplassar og støttar lokale idrettslag og arrangement. Det er ikkje gitt at utanlandske eigarar vil gi like mykje tilbake til lokalsamfunnet.
Vi må ha endringar i det norske skattesystemet, og Skattekommisjonen bør samstundes leggje grunnlaget for eit breitt politisk forlik. Alle parti må tenkje gjennom korleis vi kan skape størst mogleg føreseielegheit for både eigarar og lokalsamfunn.
Skal vi byggje konkurransekraft og skape framtidas arbeidsplassar, må vi ha eit skattesystem som gjer det minst like attraktivt å investere og eige i Noreg som i landa vi konkurrerer med.
Innlegget har stått på trykk i Firda og Firdaposten.
Se også innlegget Sondre Olsen og Jakob Særsten har på trykk i Sunnhordland og Bømlonytt.