Hald oppe tilbodet ved Florø lufthamn

Publisert

Kuttet i flyrutene mellom Florø og Oslo er ikkje akseptabelt, og må reverserast!

Sondre Olsen, fungerande regiondirektør i NHO Vestland

For kort tid sidan lyste Samferdselsdepartementet ut ein ny konkurranse om drift av flyruter i Sør-Noreg. Det generelle inntrykket er at tilbodet blir noko dårlegare og dyrare. Men for Kinn og Florø sin del er det langt verre enn for nokon andre i Vestland.

Difor er det merkeleg at samferdselsminister Jon-Ivar Nygård seier at «regjeringa prioriterer å vidareføre gjeldande flytilbod». Det stemmer ikkje. Tvert imot blir det kutta både i talet på sete og talet på avgangar. I tillegg skrur regjeringa opp prisane. Dette er langt frå noko som kan omtalast som å «vidareføre gjeldande flytilbod»!

Sidan konkurransen blei lyst ut, har vi i NHO Vestland fått mange innspel og tilbakemeldingar om negative konsekvensar for næringslivet i Kinn og regionen rundt. Vi har òg hatt samtalar med ei rekkje parti med håp om å snu saka.

Kinn har eit svært sterkt næringsliv som den siste tida har vunne store kontraktar, noko som vil føre til endå større aktivitet. Det er òg kort veg frå Florø til ei rekkje felt innan olje og gass, noko som gjer at det trengst flykapasitet til Florø. Der vil det vere om lag 25 helikopterflygingar kvar veke.

Generelt er det aukande aktivitet i næringslivet i Florø, med mange fagarbeidarar som pendlar for å utføre tenester i industrien. Dette er gode nyheiter, og då må regjeringa vere ein god tilretteleggjar i staden for å prøve å bremse veksten.

Vi ber om at alle gode krefter no er tydelege overfor regjeringa og Stortinget på at flykuttet må reverserast. Det er lovande at fleire av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane er så tydelege på at dei vil ta kampen saman med lokale politikarar og næringslivet.

Innlegget har stått på trykk i Firdaposten.