Når Haukeli stengjer, stoppar verdiane

Publisert

Når Haukeli stengjer, blir varer forseinka og verksemdene taper tid og pengar. Derfor er ny Røldalstunnel ei investering i arbeidsplassar og framtidig verdiskaping på Sørvestlandet.

Sondre Olsen, regiondirektør NHO Vestland

Kvar dag blir det frakta varer for 375 millionar kroner over Haukelifjell. Det viser at vegen mellom vest og aust over Haukeli vedkjem langt fleire enn dei som køyrer der sjølve.

Saman med E39 er E134 ein næringsveg og ei «blodåre» for verksemdene på Sørvestlandet; her blir varer frakta ut og inn, og folk kjem seg til og frå jobb. Delen tungbilar på E134 er om lag 22 prosent, langt høgare enn på andre fjellovergangar. Stengd fjellovergang betyr ikkje berre dårleg vêr – det fører òg til store kostnader og større risiko for trafikkulukker.

Derfor betyr ny Røldalstunnel mykje. Tunnelen gir 11 kilometer kortare veg og fjernar rundt 1000 høgdemeter. E134 Vågsli–Seljestad er delt inn i tre byggjesteg. Ny Røldalstunnel mellom Røldal og Seljestad er byggjesteg 1, og arbeidet er i gang. Byggjesteg 2 og 3 har godkjende reguleringsplanar, men manglar finansiering.

Statens vegvesen har tilrådd konsept 1 for ein arm til Bergen, ei løysing som ifølgje etaten vil fjerne 45 skredpunkt mellom Odda og Bergen og, når ho er fullt utbygd, gi oss ei reisetid mellom Oslo og Bergen på fire og ein halv til fem timar. Det vil gi auka konkurransekraft for næringslivet og ein langt meir trafikksikker arbeidskvardag for yrkessjåførane.

Ny Røldalstunnel kom ikkje av seg sjølv. Framfor den førre nasjonale transportplanen var både NHO Vestland, NHO Rogaland og NHO Vestfold og Telemark tydelege på at prosjektet måtte prioriterast. Verksemder, kommunar, fylkeskommunar, vegselskapet og politikarar frå fleire parti drog i same retning. Det er den einaste oppskrifta som verkar: at mange nok blir samde om kva som er viktigast.

Haukelivegen blei offisielt opna i september 1968, og var det første heilårssambandet i landet mellom Austlandet og Vestlandet utan ferje. Nesten 60 år seinare er vegen framleis blant dei viktigaste i landet. Kvart år blir det frakta varer for 135 milliardar kroner over Haukeli.

Framtidas vegprioriteringar blir gjorde i Nasjonal transportplan. Her skal også vi i NHO gi innspel, som enno ikkje er landa. Det som er sikkert, er at tala bør på bordet når prioriteringane blir gjorde.

Gode vegar er ikkje eit mål i seg sjølv, men først og fremst eit verkemiddel for verdiskaping, arbeidsplassar og levande lokalsamfunn. I åra framover må politikarane prioritere hardare enn dei har gjort til no, fordi utgiftene aukar på ei rekkje andre område.

Samtidig må dei same politikarane hugse at samferdsel er det som bind saman by og bygd, og tek varer og tenester vidare ut i den store verda. Langs og i nærleiken av E134 finn vi ei rekkje eksportverksemder, og samla sett eksporterer verksemdene i Vestland for om lag 250 milliardar kroner i året – utanom olje og gass. Då treng vi òg å sikre gode transportsamband som kan gi oss inntektene vi treng for å ha god velferd også i framtida.

Innlegget har stått på trykk i Hardanger Folkeblad.