Erik Osland, konsernsjef Osland Havbruk
Sigurd Kvikne, direktør Kviknes Hotell
Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
I Vestland står private eigarar bak 61 prosent av sysselsettinga. Her i Sogn skapar private selskap arbeidsplassar og sikrar næringsutvikling og liv i bygder og tettstader. Dersom ein skal sikre at dei små- og mellomstore bedriftene får ei berekraftig og solid framtid er me avhengig av politikarar som sørgjer for meir stabile rammer.
Det har denne våren vore mykje snakk om eigarskattlegging. Den debatten handlar ikkje berre om rike bedriftseigarar som flytter til Sveits. 92 prosent av dei som betaler formuesskatt i Noreg har ein likningsformue under 10 millionar kroner. Dette er mellom anna eigarar av små og mellomstore bedrifter.
I Noreg er avgiftsnivået høgt samanlikna med mange andre land. Dei siste åra har eigarskattlegginga auka kraftig, og det rammar små- og mellomstore bedrifter hardt. Dei er ei føresetnad for at det er liv i bygder og byar i heile landet. Bedrifter som tener pengar skal sjølvsagt betale skatt. Men med auka formuesskatt betalar ein meir skatt, sjølv om ein går med underskot. Mange må óg ta ut ekstra utbyte frå bedrifta for å betale formuesskatten.
Det aller meste som blir tatt inn av formuesskatt i Noreg er skatt på verdien av bedrifter, til dømes verdien av bygningar, maskinar, teknologi og eigedom. Formuesskatt på arbeidande kapital gjeld berre eigarar busett i Noreg. Dermed slepp konkurrentar med utenlandske eigarar å betale denne skatten. På denne måten straffast norske eigarar som velgjer å bu og drive næringsverksemd i norske lokalsamfunn.
Høge skattesatsar på utbyte og arbeidande kapital gjer at gründerar og eigarar blir hindra i å investere meir i eiga verksemd. Dersom ein reduserer eigarskattlegginga vil det bli meir attraktivt å investere i små- og mellomstore bedrifter, slik at bedriftene får tilgang på kapitalen dei treng for å vekse og utvikle seg. Ein reduksjon i avgiftene vil gje bedriftene pusterom, og mellom anna gjere det lettare å tilsetje fleire medarbeidarar. Det igjen kan bidra til at bedrifta veks og kan tilsetje endå fleire.
Små- og mellomstore bedrifter blir i dag òg hemma av kompliserte regelverk og byråkrati. For mange av bedriftene er det tidkrevjande og kostbart både å halde seg oppdatert og å etterleve stadig skiftande reglar. Forenkling av regelverk og reduksjon av byråkratiske hindringar ville gitt bedriftene meir tid og ressursar til dagleg drift. Til dømes kan auka digitalisering av offentlege tenester bidra til å effektivisere kommunikasjonen mellom bedriftene og styresmaktene.
Med ein raskt skiftande marknadssituasjon er det ekstra viktig med stabile rammevilkår. Derfor må politikarane ha ein lang tidshorisont når dei gjer endringar i skattepolitikken. Dersom bedriftene veit kva dei kan venta av skattar og avgifter i dei kommande åra, kan dei òg planleggje investeringar og vekst med tryggleik i at reknestykka går opp.
Det er på tide at det blir teke grep og at dei små- og mellomstore bedriftene får rammevilkåra dei treng for framleis å vere ryggrada i norsk økonomi. Ved å investere i framtida til bedriftene, investerer me i framtida til Distrikts-Noreg. Då sikrar me arbeidsplassar, skular, nærbutikkar og mykje anna som folk ønskjer å ha nær der dei bur.
Innlegget sto på trykk i Firda 8. juli 2024