Felles lagspel for framtida i vest

Ved inngongen til 2022 heng dessverre framleis pandemien med oss vidare. Det gjev oss ein annleis kvardag enn vi ønsker, men er ikkje like ukjend farvatn som før. For vi har opparbeidd oss svært mykje verdifull erfaring og blitt vane med å finne nye, smarte vegar til mål.

Digitalisering av samfunnet har tatt kvantesprang og vi er blitt meir vane med å handtere raske omveltingar og jobbe på tvers av organisasjonar. Ei av oppsidene er at dette gjer oss betre rusta til å gripe moglegheitene og samarbeide betre enn før.

2022 er eit år i startblokka for store moglegheiter. Saman skal vi skape eit berekraftig samfunn, både med tanke på miljø , økonomi og i eit sosialt perspektiv. Det imponerande arbeidet "Grøn region Vestland", utarbeida av Vestland fylke og Innovasjon Norge, dannar eit omfattande grunnlag for korleis ein kan jobbe med dette framover. Her fastslår ein at Vestland må skape 24.000 nye arbeidsplassar, doble eksporten, sikre vegen til nullutsleppsamfunnet og auke ny verdiskaping med 75 milliardar innan 2030. Dette er ambisiøse mål, men fullt mogleg dersom vi spelar på lag.

Dei nye løysingane vil gje oss nye bein å stå på, samstundes som dei kan bidra til å løyse utfordingar ute i verda. Det er nesten vanskeleg å tenke at det finnast nokon særleg betre stad å løyse desse utfordringane enn i Vestland. Her ligg moglegheiter. Her ligg ressursar. Her ligg verksemdene.  Men skal vi lukkast må vi fortsette å dyrke erfaringane frå samarbeid under pandemien. Vi må arbeide i tett sampel på tvers av organisasjonsnummer.

For det er nettopp samarbeid og verksemdene som er nøkkelen til utfordringane som ligger føre oss.
I en tid der fleire regionar i landet diskuterer form og innretning på fylkeskommunane, kvar grensene skal gå og kven som har de beste føresetnadane, er Vestlandet no samstemt.
Som en felles, sterk og stor region kan Vestland stå saman for å sikre utviklinga av næringsliv, verksemder og folk. Vi er klare til å sette i gang, det er ingen grunn til å vente.

Næringslivet er grunnleggande optimistisk og skapande. Men felles for at bedriftene skal kunne utløyse sitt fulle potensiale er eit sterkt behov for rett kompetanse og god infrastruktur. Satsing på utdanning må sjåast i samanheng med næringslivet sitt behov for arbeidskraft. Vi trenger ein kraftfull politikk for å skape attraktive arbeidsplassar i Vestland. Samstundes treng vi bygge infrastruktur som sikrar våre framtidsmoglegheiter for alle som bur her anten det er digital kapasitet, tilgang på kraft eller effektive og trygge vegar.

Eg er optimistisk i møte med det nye året og trur på eit ambisiøst lagspel for å løyse dei store utfordringane og gripe dei store moglegheitene. Eg har tru på at ein sterk og samla region i fellesskap kan sikre ei inkluderande framtid. Eit næringsliv i berekraftig utvikling vil by på løysingar som rustar oss for framtida. Ikkje mist, så ligg ei viktig, krevjande og meiningsfull tid føre oss. 

Godt nytt 2022!