Høyanger Lean Industri

Publisert

I Høyanger bedriftene Hydro Alumnium og Bilfinger jobbast det godt med partssamarbeid og involvering. Dei tilsette opplever både auka kompetanse og betra samarbeid gjennom deltaking i HF-prosjektet Høyanger Lean Industri.

Hovudorganisasjonane sine fellestiltak støttar utviklingsaktivitetar i norske verksemder økonomisk og med fagleg bistand. Bedriftene får hjelp til å utvikle partssamarbeidet og legge til rette for medarbeidardriven innovasjon. Støtte fra HF føreset at bedrifta er bunden av tariffavtale og at Hovudavtalen mellom LO og NHO gjeld for bedrifta.

Hydro aluminium er hjørnesteinsbedrifta i Høyanger, og gir også liv til fleire underleverandørar lokalt. Ei av desse bedriftene er Bilfinger Høyanger som blant anna har ansvar for å vedlikehalde hengarar til bruk på aluminiumsverket. Bedriftene har ein god gjensidig relasjon, held til på same industriområde og jobbar no saman for å optimalisere arbeidsflyten mellom bedriftene.

I prosjektet har ein gjennom å styrke partssamarbeidet som mål å auke lønnsemda, trivselen og styrke omdømmet. Som hovudverktøy har dei valt å jobbe med Lean-prosessar i samarbeid med Helge Totland frå Sintef Raufoss - SR. Normalt jobbar han tett saman med bedriftene ute i produksjonen, men Covid 19 pandemien har ført til at ein har jobba mykje digitalt i første del av prosjektet. Bedriftene har gjennom fleire digitale arbeidsmøte jobba med nyttige lean-verktøy som skal bidra til meir orden og problemløysingsteknikkar, som A3, 5S, rotårsaksanalyse og målnedbryting.

Gjennom digitale samlingar er det lagt ein godt kompetansegrunnlag for no å kunne halde fram arbeidet og jobbe meir effektivt ute i produksjonen.

- Vi har fått eit stort kompetanseløft gjennom dette prosjektet seier Terje Norevik AMBS ansvarleg i Hydro aluminium Høyanger.

I prosjektet legg vi vekt på at leiing og tillitsvalde får same opplæring og tilgang på informasjon. Nøkkelen til å lukkast med prosjektet ligg nettopp i å styrke partsamarbeidet og bidra til medarbeidardriven innovasjon.

–  Det er viktig at vi som tillitsvalde får delta og aktivt vere med å utforme arbeidsplassane våre. Dette betyr også at vi må ha same tilgang på informasjon og opplæring som bedriftsleiinga og HR, seier hovuddtillitsvald i Hydro Lars Kjetil Skeie og hovudtillitsvald i Bilfinger Norunn Osen.

 Åge Nesse, avdelingsleiar i Bilfinger, er godt fornøgd med å delta i prosjektet:

–  Eg har stor tru på at dette kan løfte oss, både oss som bedrift og kvar enkelt tilset. Vi  blir endå betre kjent at med Hydro og det gir større forståing for kvarandre sin kvardag og utfordringar.

Jonny Manseth, Businesspartner i Hydro er godt fornøyd med eit tettare samarbeid med Bilfinger Høyanger:

– Det å ha eit prosjekt samen med Bilfinger, som er vår viktigaste leverandør på vedlikehald, er svært viktig. At vi saman kan jobbe for betre effektivitet og kvalitetsforbetringar, fører til at vi får ein betre planlagt produksjon og færre stopp i produksjonen. Det viktige no er at vi får med alle i organisasjonen på dette arbeidet, frå operatørar til leiing, seier Manseth.

Høyanger Lean Industri er planlagt gjennomført innan 2023.