Vi treng framleis høgt tempo i grøn omstilling til sjøs

Konkursen i Brødrene Aa er djupt tragisk. Men å peike på klimaomstillinga som syndebukk er skivebom.
Konkursen i Brødrene Aa er djupt tragisk. Men å peike på klimaomstillinga som syndebukk er skivebom.
Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland
Firdaposten sin redaktør kritiserer i ein kommentar NHO Vestland. I samband med den vonde konkursen i Brødrene Aa, meiner han vi bør "sjå oss i spegelen". Grunnen? At NHO og NHO Sjøfart oppmodar om ambisiøse krav til klima- og miljø i offentlege anbodsprosessar.
Vi må minne redaktøren om at bedrifter langs heile kysten no jobbar på spreng med å bygge opp nye bein å stå på i den grøne omstillinga og ta posisjonar i tøff konkurranse og raskt veksande etterspurnad på verdsbasis. Det er ikkje berre vi i NHO og myndigheitene som etterspør ambisøse miljøkrav og grøn omstilling til sjøs. Ei viktig årsak til at norske selskap er lengst framme i verda i utvikling av grøn teknologi til sjøs er nettopp modige reiarlag og verft som har gått i front og ønska høge krav for å drive innovasjon framover, i tett samspel med ambisiøse fylkespolitikarar.
Brødrene Aa er blant dei fremste pionerane innan grøn skipsfart i verda, og har spelt ei stor og viktig rolle i den maritime industrien i Noreg. Vi kjenner no sterkt med dei 170 dyktige tilsette, som har fått den tunge beskjeden om at dei mistar jobbane sine. Samstundes er det ingen andre enn partane i forhandlingane og Trøndelag fylkeskommune som veit årsaka til at det ikkje lot seg gjere å komme til ei løysing og redde verftet i Hyen. La oss inderleg håpe det lar seg gjere å komme på fote raskt att og behalde både den uvurderlege teknologien, kunnskapen og arbeidsplassane i regionen vår.
Hurtiggåande passasjerbåtar langs norskekysten har høge CO₂-utslepp og forureinar meir pr. passasjer enn fly. Det er i dag 200 hurtigbåtar i drift i Noreg, og potensialet for både utvikling og utsleppskutt er stort. Det er ingen tvil om at det er naudsynt med omstilling til sjøs, dersom Noreg skal nå klimaforpliktingane om utsleppskutt innan 2030.
Omlegging til låg- og utsleppsfrie ferjer –og hurtigbåtar blir omtalt som ein revolusjon, og norsk nullutsleppsteknologi er i satsinga «Heile Noreg eksporterer» lansert som ein av dei aller viktigaste eksportnæringane framover for Noreg.
Samtidig har vi peika på at grøn maritim omstilling krev statleg drahjelp og risikoavlastning, både økonomisk og regulatorisk, for å modne teknologien. Det er grunnen til at vi parallelt med krav om nullutslepp i anbod har etterlyst støtteordningar for å realisera dei. Dersom ein meinar alvor med eit grønt, maritimt industrieventyr for Noreg, er det viktig med naudsynt risikoavlastning. og at ein unngår at einskilde aktørar ber for tung risiko åleine i ein utviklingsfase.
La oss inderleg håpe det lèt seg gjere å finne løysingar som kan redde Brødrene Aa. I motsetnad til redaktør Svend Arne Vee har vi framleis klokkartru på at Vestlandet både er og framleis kan vere verdsleiande og spydspiss i det grøne skiftet på sjøen. Men å avblåse klimaomstillinga til sjøs tener ingen.
Dette innlegget sto på trykk i Firdaposten 4. juni 2025.