Dialogkonferanse: studenthybler i Odda

Leigemarknaden i Odda har auka mykje på grunn av vekst i industrien. Dette har ført til høge leigeprisar, på nivå med Bergen. Dette skaper utfordringar for elevar ved vidaregåande skule som treng ein plass å bu, og som kanskje vel å ikkje studere i Odda på grunn av den pressa bustadmarknaden.

Odda videregående skule har ein langsiktig strategi knytt til både profilering eksternt av tilboda, og planar om å utvikle nye programtilbod som vil kunne rekruttere fleire elevar til skulen. Då vil skulen ha behov for å kunne tilby elevar som kjem frå andre kommunar/stader tilgjengelege og rimelege hyblar.

På bakgrunn av denne opne dialogkonferansen inviterast leverandørar til å komme med idear og forslag til korleis vi best kan løyse våre behov. Målet er å få mest mogeleg kunnskap om mogelegheitsrommet og alternative løysingar som finns i marknaden.

Program:

  • Innleing velkommen/kort introduksjon og bakgrunn for møtet v/ Roald Haug, ordførar eller Ole-Jørgen Jondahl, rådmann
  • Om innovative innkjøp, ved Øystein Sørhaug, LUP
  • Odda videregåande skule om sitt behov i det komande innkjøpet v/ Geir Veland
  • Ullensvang kommune sitt behov v/kommunalsjef Teknikk og miljø, Randi Karin Habbestad
  • Spørsmål og svar
  • Kort oppsummering, 1-1 møter, skriftlege innspel og vegen vidare v/Øystein Sørhaug, LUP