Folka 2025

Fire generasjonar – eitt arbeidsliv   Korleis byggjer vi ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?    

Aldri før har arbeidslivet romma eit så stort spenn av erfaring, forventningar og motivasjon som det gjer i dag. Fire generasjonar på arbeidsplassen, frå dei erfarne babyboomerane til Gen Z med blikket retta framover, utfordrar oss på leiarstil, kommunikasjon, teknologi og kultur. Korleis rekrutterer, engasjerer og held vi på dei rette folka, når behova og forventningane er ulike?  

Velkomen til to dagar med fagleg påfyll og ekte stemmer. Her får du konkrete tips og nye perspektiv på tvers av generasjonar – og kanskje eit lite skråblikk på din eigen leiarstil? 

På dag éin tilbyr vi to ulike workshops der du kan fordjupe deg i eit tema for å forbetre arbeidslassen din. Dag to er konferansedag med leiande foredragshaldarar innan leiing, rekruttering, psykisk helse og samhandling. Lokale bedrifter og aktørar fortel korleis dei jobbar med desse tema.  

Du får servert velsmakande lunsj i hotellrestauranten begge dagane.  

Vi tilbyr ulike teambuildingaktivitetar på ettermiddagen på dag éin. Ta med deg kollegaene dine, hev kompetansen og få eit sterkare, meir samansveisa team på FOLKA 2025!   Hald av datoen- påmelding og program kjem!