Gode nyhende om Ringeriksbana, men oppstarten må skundast fram

Publisert

Nina Solli, regiondirektør i NHO Viken Oslo og Grete Karin Berg, regiondirektør i NHO Vestlandet.

For kort tid sidan kom nok ein lekkasje frå neste Nasjonal Transportplan (NTP): Regjeringa kom med klare signal om at Ringeriksbana skal prioriterast. Likevel er vi usikre på om vi skal sleppe jubelen laus.

Dette er eit svært viktig prosjekt for folk og næringsliv på begge sider av Langfjella, og vi er sjølvsagt glade for regjeringa sine signal. For etter 150 år med prat og papirflytting, er det på høg tid at bana no blir prioritert opp og blir bygd. Vi er likevel skuffa over at oppstart nok ein gong blir utsett, denne gongen til 2024/2025.

 

Ei kvar utsetjing inneber i realiteten ein fare for sjølve realiseringa av prosjektet, og må difor hindrast for ein kvar pris. Vi veit at det blir tøffare å finansiere samferdsleprosjekt for kvart år som går. Difor må vi halde Ringeriksbana på sporet.

Det er alltid spennande med lansering av ny NTP. Både folk og næringsliv har store forventningar til at ulike prosjekt faktisk blir realiserte, og ikkje blir utsette eller fall ut av planen. I lys av dette er vi glade for at Ringeriksbana er med videre. Men vi er som sagt svært uroa over utsetjinga, og skulle sett at arbeidet kunne starte opp tidlegare enn det regjeringa no legg opp til. Vi har registrert at politikarar frå Buskerud allereie har vore på bana med ønskje om tidlegare byggjestart. Vi vonar at dei får gjennomslag for dette i tingingane i Stortinget, og vi håpar Buskerudbenken og Vestlandsbenken saman er klare for å slåst for ein tidlegare oppstart.

Men dette var ikkje den einaste nyheita regjeringa kom med nyleg. Nye Veier skal nemleg byggje Ringeriksbana, saman med dei resterande delane av E16-prosjektet. Dette meiner vi er eit godt og spennande grep i retning av meir konkurranse om bygging av jernbane. Nye Veier har vist seg svært kvalifisert på vegbygging, og vi har ingen grunn til å tvile på at dei også vil kunne bygge jernbane på en god og kostnadseffektiv måte. Vi vonar også at dette kan føre til at prosjektet blir raskare ferdig enn det som no ligger i planane.

Alle som brenn for samferdslepolitikk går spennande veker i møte. Mange prosjekt vil bli diskuterte, framheva og i nokre tilfelle sett opp mot kvarandre. Då er det for oss, som talspersonar for bedriftene i to store regionar, verd å minne om kvifor ei satsing på samferdsle generelt, og Ringeriksbanen/E16 spesielt, er heilt avgjerande for nettopp bedrifter og arbeidsplassar. Folk må på jobb, og varer må til marknaden. Det må skje på ein så sikker, berekraftig og effektiv måte som mogleg. Vanskelegare enn det er det ikkje. Eller for å sitere en transportør i Sogn: Det er like alvorleg for oss om vi blir ståande i kø med traileren mellom Hønefoss og Sandvika som mellom Lærdal og Gol. Tida er eit tap uansett.

Vi må altså sørge for ein framtidsretta infrastruktur som stimulerer til næringsutvikling i heile landet. Ringeriksbana vil binde bu- og arbeidsmarknaden i regionen endå tettare saman, korte ned reisetida mellom Oslo og Bergen og den vil bety svært mye for næringslivet i Hallingdal. Ny E16 vil løyse opp ein stor og kostbar flaskehals som kostar næringslivet dyrt. 

Alt dette talar for å halde prosjektet Ringeriksbana på sporet, og å framskunde oppstart vil skape meir tryggleik for at prosjektet, etter 150 års planlegging, faktisk blir realisert. Og er det noko både bedrifter og folk flest i dette området er opptatt av, så er det tryggleik og forutsigbarheit.   

 

Av Nina Solli, Regiondirektør i NHO Viken Oslo og Grete Karin Berg, Regiondirektør i NHO Vestlandet