Kven kan vi eigentleg lite på?
Valkampen er i gang, og ordbruken til politikarane blir kvassare; meir fantasifull og biletleg. Påstandar og karakteristikkar haglar. Så, kven kan vi stole på?
Valkampen er i gang, og ordbruken til politikarane blir kvassare; meir fantasifull og biletleg. Påstandar og karakteristikkar haglar. Så, kven kan vi stole på?
Objektivt sett kan vi kanskje seie at alle har like mykje rett, eller feil. Det som likevel er sikkert er at einskilde politikarar, og parti, utmerka seg når det gjeld å komme med karakteristikkar og påstandar.
Formuleringar som "folk flest", "dei med støvlane på", "skattelette til dei rikaste", "velferdsproffitørar", har ført det politiske ordskiftet inne i eit spor som framkallar redsle. Fleire kan såleis komme til å røyste på andre parti enn det dei verdimessig kunne tenkt seg, i rein angst for å bli slukt av sentralmakta, nabokommunen eller EU.
Ein gjengangar har vore at regjeringa vil gje "skattelette til dei rikaste". Dette utsegnet blir av nokre brukt i nesten kvart einaste ordskifte, uansett tema. For vi veit alle at dersom ein repeterer ein frase, sann eller usann, mange nok gonger, er sjansen stor for at fleire vil tru på den. Men det er jo ikkje slik at formuesskatt, selskapsskatt, eigedomsskatt på verk og brukt, er innført for å hindre at Røkke, Hagen og andre rikingar skal bli rikare. Det er heller ikkje slik at dersom desse skattane blir reduserte eller forsvinn, ja, så er det først og fremst "rikingane" som tener på det.
Over 80 prosent av NHOs 25.000 medlemsbedrifter i Norge har færre enn 20 tilsette. Dei produserer i byane og i distrikta. Eigaren bur i nabolaget ditt. Dei skaper arbeid til deg, til naboen og dei gir sommarjobb til borna og barneborna dine. Det er desse som får mest glede av skattepengar til overs; pengar til å investere, pengar til å skape nye arbeidsplassar. Dei er ikkje dei rikaste, men dei er viktige lokalsamfunnsbyggjarar. Dei er viktige for at du og eg skal ha noko å drive med i byen, i bygda; i Førde, i Sogndal, i Florø; og i Bulandet, på Raudeberg eller i Hornindal.
Og einskilde politikarar brukar karakteristikkar som kan få nokon og ein kvar til å lure på om landet vårt vil gå til grunne dersom dagens regjering får halde fram etter valet i september. Slik er det sjølvsagt ikkje. Fleire av desse politikarane ønskjer først og fremst konservering,- ikkje endring og utvikling. Mantraet er at smått er godt uansett, og at ei kvar form for endring til noko
større vil vere til skade og svekke folk sine demokratiske rettar. Nokre prøver dessutan å få folk til å tru at vi kan klare oss sjølve utan ein EØS-avtale, som i realiteten sikrar eksportnæringane stabil og open handel med vår viktigaste marknad, EU.
Einskilde prøver å få meg og deg til å tru at eit samfunn utan privat engasjement innan t.d. barnehage-, helse- og omsorgssektoren, vil vere til det beste for samfunnet. Dei snakkar om "velferdsproffitørar", og om griske, blodsugande kapitalistar utan omtanke for medmenneska sine.
Slike utsegn er sjølvsagt tufta på politisk ideologi og verdiar. Men vi må kunne forvente edruelegheit og seriøsitet likevel. Dei aller fleste veit at utan private aktørar, anten einskildpersonar eller organisasjonar, hadde vi verken hatt full barnehagedekning eller dei velferdstilboda vi har i dag. Dei fleste skjønar at det er når vi får til eit godt samarbeid mellom det offentlege og det private at samfunnet utviklar seg best. Då får ein privat engasjement, kreativitet og innovasjon kombinert med offentlege verkemiddel, regelverk, oppfølging og rådgjeving.
Det er redsla og motstanden mot dei mange reformene som har kveikt det store retorikk-bålet. Fleire sentrale politikarar har fyrt så sterkt opp dette bålet at folk er blitt avskremde, og mange lurer på kva det vil bli av oss dersom kommunane blir større og fylka færre. Dei har fått folk til å tru at bygda deira, fjorden deira, fjella og distrikta nærast vil forsvinne dersom kommunen eller fylket blir slått saman med nabokommunen eller –fylket.
Men er det eigentleg slik at alt rundt oss vil havarere dersom Sogn og Fjordane og Hordaland blir ein Vestlandsregion? Er det slik at samanslåing av kommunar i Sunnfjord, Nordfjord eller Sogn vil føre oss i fordervelse? Sjølvsagt ikkje! Men at einskilde politiske partiet vil bli svekka dersom einingane blir større, ser vi ikkje bort frå. Legitimiteten til dei ulike partia er tufta på ulike faktorar, som t.d. "smått er godt" og konservering. Slik sett er det forståeleg at nokre brukar storslegga og målar fanden på veggen.
Det er rein retorikk når politikarar snakkar om at vi må lytte til "dei som har støvlane på"; til dei i kjeledress, og ikkje til dei som sit i blådress ved blanke kontorpultar i Oslo. Slikt snakk går likevel rett heim hos mange, men det er ikkje meir sant av den grunn. Vi skal lytte til alle, men det er jo ikkje sant at folk i Oslo har lagt ein plan for korleis ein skal ta knekken på distrikta.
Det er heller ikkje sant at einskilde partia sit med den einaste nøkkelen til døra som vil gje fleire arbeidsplassar, betre helse eller meir operativt politi i distrikta. Det er ikkje sant at nokre få parti sit med den einaste nøkkelen til å få fleire bønder, fleire beitande sauer og geiter, færre nedlagde gardsbruk. Det er ikkje sant at distriktsnæring nummer éin; eksportnæringane, vil få betre kår om vi seier opp EØS-avtalen. Tvert om!
Det har utan tvil gått inflasjon i å bruke retoriske grep, komme med påstandar, ord og formuleringar som fangar merksemda til usikre veljarar. Meiningsmålingane ber preg av det. Vi er gjerne eit annleisfylke i eit annleisland, men framover mot valet kan det vere klokt å reflektere litt over både fortid og framtid, og ikkje minst sjå samanhengar og avsløre kva som eigentleg ligg bak orda og formuleringane til dei ulike politiske partia.
Av tidligere regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan-Atle Stang