Vest i Øst 2024

8. jan 2024, kl. 17.00–21.00
Sommerro i Krohgsalen Ingen deltakeravgift

Kvelden før NHO sin årskonferanse inviterer NHO Vestland og Vestland Fylkeskommune næringslivet og politikarar frå regionen til arrangementet Vest i Øst i Oslo.

Dersom du ønskjer å bestille overnatting med 10% rabatt på  Sommerro  kan du nytte bookingkoden:  SOMMERROEVENT

Program for dagen

Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune Jon Askeland og regiondirektør i NHO Vestland Helene Frihammer ønskjer velkomen.
17.10 Næringsministeren Jan Christian Vestre
Bedriftene sin "spørjetime". Vestre svarar på forhandsgitte spørsmål.
Korleis kan vi saman få til eit inkluderingsløft som hjelper fleire inn i arbeidslivet? Panelsamtale med: Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland Gunnar Yttri, rektor Høgskulen på Vestlandet Tonje Fyhn, avdelingsleiar velferd, arbeid og helse i NORCE Sølvi Solmunde, adm. dir. på Clarion Hotel Admiral Nils Huus, adm. dir. Firda Billag
18.15 Pause
Her får du blant anna høyre Liv Kari Eskeland frå H, Marte Mjøs Persen frå AP og Silje Heimdal frå FrP, samt fleire bedrifter.
Idar Kreutzer frå NHO innleiar til tematikken. Deretter høyrer vi korleis tungindustrien i Vestland vil omstille seg. Elkem Bremanger og Ineos er blant andre med i panelet.
19.30 Underhaldning og servering